Hopp til innhold

Stor interesse for Olden-Innvik

I alt 11 firma har levert inn anbod på bygging av siste delen av fylkesveg 60 Olden-Innvik, mellom Ugla og Skarstein. Det skilde 63 millionar kroner mellom det billegaste og dyraste anbodet. Kruse Smith Entreprenør AS hadde det lågaste tilbodet på 202,8 millionar kroner. Strekninga er om lag fem kilometer lang, medrekna ein tunnel på 1170 meter.