Hopp til innhold

Stor interesse for Eivindvik

Sju konsulentverksemder vil utvikle Eivindvik i Gulen. Det skriv Avisa Norhordland. Kommunen ynskjer å gjere kommunesenteret til ein meir triveleg og funksjonell tettstad – og vil hyre konsulenttenester til eit forprosjekt.

Dyraste tilbodet er frå Arkitektgruppen Cubus på vel millionen, medan Smedvig Landskapsarkitekter sitt tilbod er på vel ein kvart million kroner.