Hopp til innhold

Stor fart ved sjukehuset

20 bilister vart tekne for å køyre for fort under ein fartskontroll i 50-sona ved Førde sentralsjukehus tysdag ettermiddag.

Politioverbetjent Jan Egil Tvinde seier endå 40 til 50 sjåførar til køyrde for fort, men at dei ikkje hadde kapasitet til å stoppe desse.

 

Ein bilist fekk forenkla førelegg for mobilbruk, og to fekk gebyr for manglende belte og førarkort.

Politiet skreiv ut bøter for tilsammen over 60.000 kroner.