NRK Meny
Normal

Stor etterspurnad etter markens grøde frå Lærdal

I Lærdal jobbar dei på spreng for å møte ein aukande etterspurnad etter grønsaker. Men det er jorda som bestemmer tempoet.

Harald Blaaflat Mundal

UTOLMODIG: Harald Baaflat Mundal i Lærdal frukt og grønt hadde helst sett at potetene kunne vekse endå litt fortare.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det er eit frodig år i Lærdal. Sist veke kunne laksefiskarane fortelje om rekordår i Lærdalselvi, og no melder frukt- og grøntprodusentane i Lærdal at dei har hausta tonnevis av grønsaker, tidlegare enn vanleg.

Harald Blaaflat Mundal er dagleg leiar i Lærdal frukt og grønt, og fortel at det er spesielt potetene som imponerer i år. Så langt har dei hausta 211 tonn poteter, medan dei hadde 146 tonn på same tid i fjor.

– Vi har hatt ein voldsomt bra start på sesongen. Vi har vore litt tidlegare ute enn før, og det forklarer ein del av det, seier Mundal.

Salet veks raskare enn potetene

Potet Lærdal frukt og grønt

FULL FART: På pakkeriet i Lærdal handlar det om å få potetene unna så fort som råd, for kjøparane ventar.

Foto: Lærdal frukt og grønt

I år er det fleire som etterspør potetene frå Lærdal, og sjølv om dei har hausta meir enn vanleg, er det ei utfordring å klare å levere til kundane. For ein må uansett vente til rotfruktene blir modne før ein kan grave dei opp.

– Vi har måtte stoppe opp i nokre dagar no rett og slett for at potetene skal bli klare til opptak, seier Mundal.

Sjølv om det er eit luksusproblem, vil han ikkje slå seg til ro med ein slik situasjon.

– Vi må passe på at vi klarer å få eindå fleire modne potetere tidlegare neste år, seier han.

– Action og rokkenroll

Morell

FRODIG: I morellhagen til Kari Sigrun Lysne er det klart for å pukke modne bær.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Sjølv om det går bra med potethausten står fleire gode nyhende i kø. Kommande veke skal dei byrje å hauste moreller og bringebær i Lærdal. Då set dei inn forsterkingar for å kunne levere modne bær til Bergensområdet så fort som mogleg.

– Vi får inn mange sesongarbeidarar og då blir det action og rokkenroll på pakkeriet, så det gler vi oss veldig til, seier Mundal.

Kari Sigrun Lysne på Ljøsne i Lærdal leverer moreller til pakkeriet, og er klar til å sette igang med innhaustinga.

– Det ser ut som det er mykje frukt og at det er god kvalitet på bæra i år, seier ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.