Stor dag for desse to

NORDFJORDEID (NRK): I dag opna Nordfjord sitt største kjøpesenter. Samla er det investert over 150 millionar kroner. Det er tredje gong på tretti år at brørne Bjørn Kåre og Ivar Moen bygger nytt.

Bjørn Kåre og Ivar Moen

STOLTE: Stor dag for brørne Bjørn Kåre (til venstre) og Ivar Moen. Også Coop Vest har investert i kjøpesenteret som Amfi-kjeda skal drifte.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det er jo litt uverkeleg at vi er komne i mål. Resultatet er langt over det vi torde å forvente, ein gedigen opptur. Eg håpar dette er byrjinga for noko stort for Eid og Nordfjord, seier Ivar Moen.

Brørne Moen hadde ekstra grunn til å feire i dag. 29 år etter at dei opna kjøpesenter i Eidsgata har dei no bygd ut fleire tusen nye kvadratmeter. Dette er tredje byggesteg, og Moengården er blitt til Amfi Nordfjord.

– Når vi starta opp så trudde vi ikkje at det skulle bli så stort, seier Bjørn Kåre Moen.

Brørne har investert 110 millionar kroner på kjøpesenteret, medan butikkane har brukt mellom 40 og 50 millionar kroner. På same tomta går utbygginga av Sagaparken Panorama føre seg, der kan det kome heile 50 leilegheiter. Då vil mellom 300 og 400 millionar kroner vere investert på tomta.

Folkeliv

50 MILLIONAR: butikkane på senteret har investert mellom 40 og 50 millionar.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Alle moglegheiter

Medeigar i Amfi Nordfjord er Coop Vest som nyleg opne ny Extra-butikk. Direktør Geir Espe har tru på Nordfjordeid som handelsstad i Nordfjord.

– Eg trur vi har alle moglegheiter, det er ein veldig giv på Eid no. Vi vil utvikle alle dei regionale sentera, dei er viktige for å hindre handelslekkasje frå fylket.

Mottakinga av den nye Extra-butikken, lovar godt:

– Det har vore fantastisk bra, det ligg godt over budsjettert.

I all framtid

Torsdag strøymde hundrevis av handlande inn dørene. Ein av dei var Tormod Nilsen. Han er godt nøgd med resultatet og trur ikkje senteret vil ta livet av Eidsgata.

– Der det blir bygd kjøpesenter, skaper det meir handel og utanfor senteret, så eg fryktar ikkje for Eidsgata. Den er så spesiell at den vil leve i all framtid.

Regionsenter

Drilltropp opna senteret

HUNDREVIS: Fleire hundre personar møtte opp då Amfi Nordfjord opna torsdag.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Elsa Andersen og Torbjørn Torske er representantane for Olav Thon gruppa som eig Amfi-kjeda og skal drive senteret. Andersen fortel at det har tatt lang tid å lokke butikkjedene til Nordfjordeid.

– Det har vore til tider krevjande, og vi har brukt fleire år på å få alle på plass. Vi har hatt eit godt prosjekt å selje. Vi vil gjere Nordfjordeid til eit regionsenter, som trekk handlande frå heile Nordjord.

Trur på vidare utbygging

Framleis har Moen-brørne ledig areal å bygge på. Ivar Moen ser ikkje vekk frå at neste fase i utbygginga kan kome ganske raskt.

– Vi har ei tomt til vi kan bygge på, det tenker vi som neste fase når senteret er oppe og går. Den utbygginga er nærmare enn vi kanskje trur, og vi startar planlegginga dei komande åra.