NRK Meny
Normal

Stor dag for 22 nye statsborgarar

22 nye statsborgarar frå 8 kommunar og 14 ulike opphavsland vart søndag feira med statsborgarseremoni på Høgskulen i Sogndal.

Statsborgarseremoni 2014 på Høgskulen i Sogndal

SJÅ VIDEO: Statsborgarseremonien markerte overgangen til norsk statsborgarskap for 22 nye norske statsborgarar. Det var ein stor dag for mange. Foto/redigering: Guro Kvalnes

– Det har vore ein stor dag for meg og min familie, seier Justin Mulindabigwi som opphavleg kjem frå Rwanda.

Han var ein av dei 22 nye statsborgarane som søndag fekk markert overgangen til norsk statsborgarskap.

Høgstemd og kjensleladd markering

Det var ein høgtidleg seremoni leia av fylkesmann Anne Karin Hamre med tale ved stortingsrepresentant Bjørn Lødemel og kulturinnslag. Dei nye statsborgarane fekk bryne seg på truskapsløfte og avslutningsvis nasjonalsongen.

Fylkesmann Anne Karin Hamre opplev at det er mange kjensler knytt til ein slik dag.

– Det er nok mange som opplev både sorg og vemod ved å gi avkall på det gamle statsborgarskapet sitt, medan dei som har vore statslause dei tykkjer dette berre er gledeleg. Det er veldig høgtidsamt og fint, seier Hamre.

Anne Karin Hamre

KJENSLELADD: Fylkesmann Anne Karin Hamre opplev at det kan vere ei kjensleladd markering.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Eit viktig punkt i livet

At seremonien er ei viktig markering er fylkesordførar Åshild Kjelsnes overtydd om.

– Eg meiner den er veldig viktig. Fordi den på ein slik flott og verdig måte syner våre nye landsmenn og landskvinner at dei er velkomne. Det er og viktig at dei får eit synleg bevis på at dei er norske statsborgarar, seier Kjelsnes.

At det er ei viktig markering kan Justin Mulindabigwi skrive under på. Han fortel at han fekk norsk statsborgarskap i fjor, men at han set stor pris på den offentlege markeringa som statsborgarseremonien er.

– Det å bli norsk er eit viktig punkt i livet. Det markerer vår historie, det er noko me kjem til å hugse resten av livet, det er stort, seier Mulindabigwi etter at seremonien er over.

Det å bli norsk er eit viktig punkt i livet.

Justin Mulindabigwi
Justin Mulindabigwi

EIN STOR DAG: Dette er noko me kjem til å hugse resten av livet fortel Justin Mulindabigwi etter seremonien.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

For den ferske statsborgaren betyr det å vere norsk fyrst og fremst å vere trygg, leve i demokrati og under tryggleiken frå ein rettsstat. Han samanliknar det å få opphaldsløyve i Norge med ein dåp, og då blir det å bli norsk statsborgar som å konfirmere seg.

– Eg har vore ein del av det norske samfunnet, men no er ein offisielt akseptert, seier Mulindabigwi for å forklare samanlikninga.

Nasjonalsong

'JA VI ELSKER': Seremonien vart avslutta med nasjonalsongen.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.