Hopp til innhold

Stor bryggerisuksess i Gaular

I haust starta Øystein Adler Øvrebø opp Kvernafossen Bryggeri på Sande i Gaular. Eit halvt år seinare har han ikkje kapasitet til å produsere nok og satsar no på å firedoble produksjonen.

Øystein Adler Øvrebø Kvernafossen Bryggeri

GOD BUTIKK: Då Øystein Adler Øvrebø starta opp bryggeriet på Sande hadde han ikkje trudd det skulle bli så populært som det har blitt.

– Det har gått heilt utruleg bra. Eg har slite med å produsere nok heile vegen, fortel bryggerieigaren.

Sogn og Fjordane er begynt å bli eit stort fylke for ølbryggeri. Med større bryggeri som Kinn, Ægir og Balder har fylket etablert seg i både butikk og polhyller.

Men det poppar stadig opp nye bryggeri. I Årdal har dei fått Tya Bryggeri og Sande har dei fått Kvernafossen Bryggeri.

Aukar kapasiteten

– Eg har alltid heldt på med brygging, og så ser eg at folk har blitt meir og meir interessert i den typen øl. Det var mange som var interessert i å kjøpe øl frå meg, så då fann eg ut eg kunne gjere det skikkeleg. Då starta prosessen med å opprette eit bryggeri, fortel Øvrebø.

No går det mot utviding for Kvernafossen.

– Eg må auke kapasiteten. Så i førsteomgang satsar eg på å doble, men i løpet av eit år satsar eg på å firdoble produksjonen, seier Øvrebø.

Hadde du forventa at det skulle gå så bra?

– Nei, absolutt ikkje. Eg trudde eg skulle selje nok til å dekke husleiga, og at det var ein hobby som eg kanskje fekk litt biinntekt av, og ikkje noko meir enn det. Så har det vist seg å bli noko heilt anna, seier Øvrebø.

Populært hjå bergensarane

På sikt kan bryggeriet bli levebrødet til Øvrebø. No er han i dialog med Innovasjon Norge og får hjelp av Sunnfjord næringsutvikling med tanke på ei utviding av bryggeriet.

Ølet til Kvernafossen er populært både hjå menn og kvinner.

– Eg ser at hyttefolka som ferierer i området her er gode kundar. Dette er gjerne folk frå Bergen som tek med seg ølet inn til byen og fortel om det der. Så då kjem det enda fleire innom her for å handle, fortel Øvrebø som har utsal ved Mjølkerampen på Sande.

Vil ut på pubane

– Men det er vel litt jobb å drive bryggeri?

– Det er veldig mykje jobb. Det er det. Og kostbart. No når eg skal utvide må ting automatiserast, og då er utstyret veldig dyrt, fortel den ferske bryggaren.

No ventar han på statleg godkjenning for å kunne selje til pubar, og då kan han levere stort.

– Eg har allereie sagt nei til alvorleg mange store kundar frå både Bergen og Stavanger fordi eg har verken kapasitet eller lov.