NRK Meny
Normal

Marine Harvest får millionbot etter ulovleg produksjon av setjefisk

Oppdrettsgiganten Marine Harvest har fått ei bot på to millionar kroner etter massiv overproduksjon av setjefisk. Overproduksjonen av fiskeyngelen skjedde på eit anlegg i Flora kommune.

Oppdrettsanlegg

FÅR SAFTIG BOT: Overproduksjon av setjefisk på anlegget på Haukå i Flora har no ført til ei bot på to millionar kroner.

Foto: marine Harvest

I tillegg til bota på to millionar, får verksemda inndrege 10 millionar kroner.

– Bakgrunnen er ei politimelding vi fekk frå fylkesmannen om at det hadde vore for stor produksjon frå 2008 til 2012, opplyser politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes.

Overproduksjonen skjedde ved anlegget til Marine Havest på Haukå i Flora kommune.

Produserte altfor mykje

I 2008 blei produsert 280 tonn smolt, i 2009 400 tonn, i 2010 315 tonn og 419 tonn i 2011. Trass i at utsleppsløyvet berre gav løyve til 50 tonn. I 2012 blei det produsert 250 tonn smolt trass i at dei utvida løyve dei hadde fått berre galdt inn til 236 tonn.

– Difor så har vi etterforska saka og kome til at det har vore ein slik overproduksjon, og har valt å reagere med ei bot på to millionar kroner. Inndraginga av 10 millionar er basert på skjønsmessig vurdering av kor mykje utbytte vi meiner Marine Harvest har hatt som ein følgje av denne ulovlege produksjonen, seier Refsnes.

Meiner at dei ikkje har gjort noko gale

Kommunikasjonssjef i Marine Harvest, Ola Helge Hjetland, stadfestar at dei har fått ei bot på to millionar og krav om inndraging av ti millionar.

– Marine Harvest meiner likevel at det ikkje er gjort noko straffbart og at det såleis ikkje er grunnlag for førelegget og inndraginga.Vi ønsker ikkje å uttale oss ytterlegare om saka før politiet har tatt endeleg stilling til våre merknader, seier Hjetland.

Aktor i saka, politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes, er i retten og ikkje tilgjengeleg for kommentar til saka.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå