Hopp til innhold

Bubilane skapar vekst i reiselivet

Talet på bubilovernattingar på norske campingplassar auka med 32 prosent i mai månad i år i forhold til same månad i fjor. Kjørnes camping i Sogndal har lagt godt merke til auken.

Kjørnes Camping

BUBILTURISMEN AUKAR: Bubilturismen på norske campingplassar var langt høgare i mai enn den var i fjor. Kjørnes camping i Sogndal har også merka auken.

Foto: NHO Reiseliv

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser ei auke på seks prosent i talet på overnattingar i overnattingsnæringa i Noreg i mai. Bubil er den overnattingsmåten som har auka mest.

Terje Kjørnes, medeigar i Kjørnes camping i Sogndal, fortel at også dei har hatt fleire bubilturistar, sjølv om auken ikkje har vore like stor som landsgjennomsnittet.

– Vi har hatt ei auke i talet på bubilar på om lag 18,5 prosent i mai månad i forhold til i fjor, seier Kjørnes.

Han trur at det fine vêret denne våren har vore ein viktig grunn til auken.

– Det er vel fleire faktorar som spelar inn, men vi har jo hatt utruleg flott vêr i heile Sør-Noreg. Vi har hatt veldig mange nordmenn på plassen no i mai, og dei vil eg tru køyrer litt etter vêret, seier han.

Tala frå SSB viser at overnattingar på campingplassar auka med 20 prosent for utanlandske, og 16 prosent for norske turistar. Ifølgje Kjørnes fører dei ikkje statistikk på om turistane hos dei er norske eller utanlandske, men han har på følelsen at ein stor del av auken dei har hatt kjem frå norske turistar.

– Ein tydeleg trend

Den auka pågangen av bubilar kan skape utfordringar, men Kjørnes fortel at det tørre vêret denne våren har vore til hjelp.

– Vi trudde vi hadde laga til nok bubilplassar, men det har vi ikkje. No når det har vore så fint og tørt vêr kan vi likevel plassere dei på graset. Tidlegare har det vore slik at alle må stå på asfalterte plassar på denne tida av året, seier Kjørnes, og legg til at dei med nokre få unntak har hatt plass til dei som har kome til dei.

Kjørnes seier at auka tilstrøyming av turistar er ein tydeleg trend, og han trur heller ikkje at dette berre gjeld for Sogn. På Kjørnes camping har denne trenden halde fram også i juni.

– Eg har ikkje noko nøyaktig statistikk, men omsetnaden har auka med over 20 prosent, så det indikerer nok at også besøkstala har auka. Vi har ikkje utvida sengekapasiteten, så det er på campingplassen auken har kome.

Også salet av bubilar i Noreg aukar, for femte året på rad. Norges Caravanbransjeforbund opplyser i ei pressemelding at det så langt i år er registrert 2.474 nye bubilar i landet, og at det i slutten av juni var 50.896 norskregistrerte bubilar på vegane. Ifølgje pressemeldinga køyrer norskregistrerte bubilar i gjennomsnitt 6.000 kilometer i året, og 98 prosent av norske bubileigarar har feriert i Noreg i løpet av dei tre siste åra.