Hopp til innhold

Stopparkjempe forlet Sogndal

Sogndal-stoppar Isak Scheel blir å finne på Åråsen sesongen 2012.

Isak Scheel

AVGJORT: Etter tre sesongar i Sogndal, har Isak Scheel bestemt seg for å reise vidare.

Foto: Rune Fossum / NRK

Like før dagens treningskamp mellom Lillestrøm og Sogndal på Åråsen, vart det klart at den tidlegare Stabæk-spelaren reiser frå saftbygda.

Scheel har tidlegare takka nei til både retur til Stabæk og til ein nederlandsk klubb. Han trengde ekstra tid i tenkjeboksen etter Henning Berg fekk sparken som LSK-trenar.

– No er fokuset tradisjonsrike LSK og eg forstår på rammebetingelsane og uttalane frå Bjarmann og Mathisen at eg kjem til å vekse mykje i gul drakt, seier Scheel i ei pressemelding.

Stolt Scheel

Scheel har førebels til gode å notere seg for nettkjenningar sidan han kom til Sogndal før 2010-sesongen. Med to kampar att av årets sesong, er det blitt 51 cup- og seriekampar.

I sin andre sesong under trenar Harald Aabrekk har 21-åringen blomstra i den fem mann store forsvarsrekkja til Sogndal.

Eg er veldig takksam for måten Sogndal har satsa på meg, og eg er stolt over å ha kunne medverka til å byggje det laget Sogndal er i dag, seier han.

Overraskande

Scheel sin rådgjevar, Paal Diskerud, seier kontraktslengda førebels ikkje er avklara.

Midtstopparen sin kontrakt med Sogndal går ut i år og Diskerud skriv i pressemeldinga at tilboda frå klubbane har vore høgst ulike. Valet var vanskeleg for 21-åringen.

– Sogndal har eit miljø og er uforfalska, som har gjort perioden min her fantastisk, ja overraskande positivt, og eg vil ikkje vere sein med å gje mine anbefalingar til andre bygutar i same fotballsituasjon som meg, seier han.

Tek ikkje frispark

Diskerud presiserer at åra i Sogndal starta med eit felles løfte og dedikert målsetjing mellom Scheel, Trond Fylling og Harald Aabrekk. Ambisjonane var opprykk til eliteserien og å etablere seg der spelande utan nedrykk.

Scheel ser på denne oppgåva som nådd.

– Eg vil helst møte Sogndal kvart år eg spelar i eliteserien i Norge, sjølv om eg har meldt ifrå om at eg ikkje aktar å ta verken ta straffer eller slå frispark mot dei som gjorde meg til ein eliteseriespelar, avsluttar Scheel.

Får nær 200 000,- for Scheel

Sportssjef i Sogndal, Trond Fylling seier Scheel har utvikla seg fort og godt dei to åra dei har hatt han i klubben. For han kom det ikkje uventa at den unge stopparkjempa reiser tilbake.

– Isak er ei kjempehistorie. Han kom til oss frå ingenting og har fått spele og utviklinga har gått fort, seier Fylling til NRK.no.

Sidan Sogndal ikkje har fornya kontrakten kan dei ikkje krevje pengar for han, men det betyr likevel ikkje at Sogndal går tomhendte frå overgangen til Lillestrøm. Fylling stadfestar at Sogndal får litt igjen i kassa.

– Vi kjem til å få utbetalt ein såkalla utdanningskompensasjon. Eg har ikkje rekna heilt på dette enno, men det er nok snakk om nærare 200 000 kroner, seier Fylling.

Han seier desse går inn i potten som går til spelarkjøp.