Hopp til innhold

Brosviksåta vart for dyr - Vindkraftplanar er stoppa

SAE Vind trekkjer konsesjonssøknaden for dei 35 møllene dei hadde planer om å byggje på Brosviksåta i Gulen. – Det vart for dyrt, seier direktøren i selskapet, Anders Gaudestad.

Slik blir Brosviksåta vindpark sett frå Eivindvik

BROSVIKSÅTA VART FOR DYR: Det blir ikkje ei vindkraftutbygging av Brosviksåta. Selskapet SAE Vind trekkjer planane fordi det blir for dyrt å bygge om Norkring si mast.

Foto: Foto og visualisering: Mari-Ann Ekern, Rambøll

– Det blir rett og slett for dyrt å bygge om Norkring si mast. Difor stoppar vi planane. Det seier administrerande direktør i Statkraft Agder Energi Vind, SAE Vind, Anders Gaudestad.

Selskapet hadde planer om å sette opp eit vindkraftverk i Gulen med 35 møller, rett ved ei hovudsendemast for Norkring på Brosviksåta. Men for å sikre gode nok TV-signal risikerte selskapet å betale mellom 50 og 100 millionar kroner.

Norkring meinte vindmøllene ville øydelegge for dekninga på heile vestlandet, og klaga saka inn for olje- og energidepartementet.

Men no gjer SAE Vind full retrett på heile søknaden fordi det medfører for store kostnader.

Brosviksåta vart for dyr

– Det vart rett og slett for dyrt å gjere tiltak som er gode nok for sendemasta. Vi har hatt kostnader for å greie ut prosjektet, men no skrinlegg vi alt, seier Gaudestad.

–Ei utbygging ville medført for store omleggingar av Norkring sin infrastruktur på og i området. Og dette ville ført til større utbyggingskostnadar enn berekna og dermed redusert inntening, seier han.

Vindkraftplanane i Gulen har vore omstridde. Kommunestyret har tidlegare sagt ja til vindkraft på Brosviksåta. Men det vekte sterke reaksjonar då NVE også opna for vindkraftutbygging på Dalsbotnfjellet som kommunen hadde sagt nei til.

Kommunen er delt

Ordførar Hallvard Oppedal er kjend med at Brosviksåta ikkje blir bygd ut.

– Utbygginga på Brosviksåta hadde eit knapt fleirtal i kommunestyret sagt ja til. Men eg registrerer at det er jubel blant enkelte over at konsesjonssøknaden er skrinlagd, seier Oppedal.

Gulen kommune si anke til NVE på ei utbygging av 39 møller på Dalsbotnfjellet er framleis til handsaming.