Ministeren stoggar ikkje vedtak om nedlegging

Helseminister Anne Grethe Strøm-Erichsen vil ikkje stogge vedtaket til Helse Førde om å legge ned alt av fødetilbod og ortopedi ved lokalsjukehusa.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen ventar til Helse Vest har teke opp saka.

Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

Nordfjordrådet og stortinsgrepresentantane frå Sogn og Fjordane meiner planane må stoggast, og håpa Helseminister Anne Grete Strøm-Erichsen ville gripe inn.

– Men det er ikkje aktuelt å effekture noko vedtak i Helse Førde før det har vore oppe i Helse Vest, seier ho.

Håpa på stortingsrepresentantane

Ordførar i Selje, Gunn Helgesen.

Ordførar i Selje, Gunn Helgesen

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Nordfjordrådet fekk fredag med seg stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane på at Helse Førde sin sjukehusmodell, der dei har vedtatt å legge ned alt av fødetilbod og ortopedi ved lokalsjukehuset må stoggast. Leiar for rådet, Gunn Helgesen, meinte vegen å gå var gjennom helseministeren.

– Konkret vart det sagt frå Ingrid Heggø og Erling Sande at dei skulle ta kontakt med helseministeren, seier Helgesen.

Vil ikkje gripe inn no

Men helseministeren vil ikkje gripe inn i planane, sjølv om ho langt på veg lova innbyggjarane i Nordfjord og Indre Sogn at fødetilboda skulle bestå.

Men ho understreker at det Helse Førde sine planar ikkje kan gjennomførast før det har vore til behandling i departementet.

– Det er ikkje aktuelt å gjere noko med fødetilbodet eller andre endringar før Helse Vest har gått gjennom dette.

– Trist viss folk melder seg ut

Fleire av Arbeiderpartiet sine lokallag har mista medlem som følge av sjukehusstriden. Det meiner Strøm Erichsen er undødvendig.

– Eg tykkjer det er trist dersom nokon melder seg ut på grunn av dette. Det meiner eg at det er unødvendig å gjere. Eg har sagt at vi skal oppretthalde lokalsjukehusa, og vi skal ha godt tilbod der som kan møte utfordringane vi har i eit framtidig helse-Norge.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.