Hopp til innhold

Stoppar avfallslevering til Sverige

Nordfjord Miljøverk, Nomil, vil truleg droppe å levere hushaldningsavfall til Sverige.

Årsaka er ei avgiftsauke på slikt avfall frå 1.juli. Dagleg leiar Svein-Ottar Sandal seier ei avgiftsauke blir for dyr for dei.

Omlag 6000 tonn hushaldingsavfall frå Nordfjord Miljøverk går til Sverige i dag. Det betyr ei ekstrarekning frå 1.juli på rundt 2,4 millionar kroner. Derfor ligg no avfallselskapet i forhandlingar med det norske selskapet Avfallshandel på Hurum. Og Sandal trur det kan bli løysinga.

Trass i at dei no vil levere avfallet i Norge, får avfallselskapet ein utgiftsauke, men berre på ein fjerdedel av auken i Sverige.

Abonnentane vil ikkje merke noko av denne prisauken i år, men kva som skjer neste år kan ikkje Sandal seie noko om. Men frå september innfører Nordfjord ein eigen dunk til matavfallet.