Hopp til innhold

Stoppa bilførar som taua uregistrert bil med punktert dekk og knust frontrute

Bilføraren skulle berre slepe bilen på E39 til bilopphogginga på Reset i Førde. Men så langt kom han ikkje.

Stoppa bil

HER BLEI DET STOPP: Politiet stoppa bilslepet på E39 like over Reset i Førde.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Politiet fekk tips frå andre vegfarande om eit slep som såg farleg ut, fortel operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Einar Vereide.

Politiet hadde eit par patruljar ute, og desse vart sende mot staden for å stoppe bilen med slep. Etter det NRK kjenner til, skal bilen med slep ha vore på veg i retning Førde, frå Gaular.

– Vi fekk stoppa bilen øvst i Halbrendslia, seier Vereide.

Hadde flatt dekk

Då politiet fekk undersøkt bilen som var på slep, synte det seg at det var fleire feil og manglar.

– Det viste seg at bilen var uregistrert, han hadde eitt punktert hjul og også ei knust frontrute, seier Vereide.

Hendinga vil få konsekvensar for bileigaren.

– Saka vil bli følgd opp og saka vil bli meld, seier Vereide.

Han kan ikkje seie kor stort førelegg bileigar kan vente seg etter hendinga.

– Eg kjenner ikkje detaljane her, så det er det vanskeleg for meg å svare på, seier Vereide.

Sjekk regelverket

– Når ein skal taue andre køyretøy, så må også det køyretøyet som skal tauast, vere registrert og i forsvarleg stand, seier Vereide.

Det betyr til dømes at dersom ein har ein bil som er ute på siste tur, men som manglar både registrering og anna, så må ein skaffe seg skyss.

– Då må ein rekvirere bilbergar eller andre som kan frakte køyretøyet forsvarleg for seg, seier Vereide.