Hopp til innhold

Stoppa semitrailer med radioaktivt materiale

Då kontrollørane frå Statens vegvesen stoppa det umerka vogntoget, synte det seg at lasta var radioaktivt materiale.

Svein Ove Salt i Statens vegvesen

UROA: Svein Ove Salt i Statens vegvesen er bekymra over at transportar køyrer med farleg last utan å vere merka. Biletet er frå ein tidlegare kontroll.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Den var ikkje merka med farleg gods, og dette er ikkje den først vi har stoppa. Vi avdekkjer ein god del manglar når det gjeld køyretøy som fraktar farleg gods. Det har vore slik ei god stund, fortel Svein Ove Salt i Statens vegvesen.

I går var det ein semitrailer på veg mot Bergen som blei stoppa i ein tilfeldig trafikkontroll på Langeland i Sogn og Fjordane. Denne hadde radioaktivt materiale i lasten, men var ikkje merka.

– Då køyretøyet blei stoppa var der ein kolli om bord med radioaktivt materiale. Køyretøyet var ikkje merka med farleg gods. Sjåføren hadde heller ikkje faresedlar som viste at det var radioaktivt materiale om bord, seier Salt.

Bruttovekta til kollien var rundt 500 kilo, men nettoen av det radioaktive materialet var ikkje oppført i fraktdokumenta.

Avdekker stadig manglar

Det er eit omfattande regelverk som gjeld for transport av farleg gods.

– Ein får tildelt eit UN-nummer som gjeld over heile verda. Stoffa er i tillegg delt inn i transportkategoriar som avgjer kor farleg stoffet eigentleg er. Null er farlegast og kategori fire er minst farleg, seier Salt.

Stoffet semitraileren frakta høyrde til i kategori null.

– Dette betyr at transporten skulle ha gått føre seg som ein full ADR-transport uansett kor stor mengda av stoffet er.

Kan få store konsekvensar

Dersom eit køyretøy er umerka og hamnar i ei ulukke kan det få store konsekvensar.

– Kjem til dømes brann og redningsmannskap til ei ulukke der eit slikt køyretøy er involvert, er dei ikkje klare over kva dei går bort til. Dette kan få store følger for både medtrafikantar og redningsmannskapet.

– Eit verkemiddel er klart å få fleire kontrollar, samt at avsendar og alle involverte er ansvarsbevisste når det gjeld slike transportar.