Hopp til innhold

Stoppa polsk sjåfør som hadde køyrt dobbelt så langt som kva som er lovleg

Under ein rutinekontroll på riksveg 5 i Naustdal tysdag stoppa Statens vegvesen ein polsk lastebilsjåfør som hadde køyrt dobbelt så langt som han hadde lov til, utan godkjent helgekvile.

Skreiv ut bot

VART BØTELAGD: Den polske sjåføren fekk eit førelegg på 10.000 kroner for å ha brote køyre- og kviletidsreglane. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Anna Gytri / NRK

– Vi stoppa eit utanlandsk køyretøy og tok ein køyre- og kviletidskontroll av føraren. Vi oppdaga at han hadde brote køyre- og kviletida med ein del timar. Han hadde køyrt dobbelt så mykje som kva som er lovleg, seier inspektør i Statens vegvesen, Terje Bødtker.

Vogntogsjåførar må rette seg etter dei såkalla køyre- og kviletidsreglane, som seier noko om kor ofte og kor lenge dei må stogge og ta pause frå køyringa.

Bødtker understrekar at dette er noko Vegvesenet ser svært alvorleg på.

– Lastebilsjåførar skal ha såkalla vekekvilar. Han hadde køyrt 268 timar utan godkjend helgekvil. Han har kvilt, men ikkje etter boka. Du har lov å køyre 144 timar, så han hadde køyrt dobbelt så langt. Det er lenge. Så det er bra at vi får assistanse av politiet på slike saker, seier Bødtker.

Fekk køyre vidare

– Det er trafikktryggleik vi snakkar om. Slike vil vi ha ut av vegen, og det klarte vi i dag, heldigvis. Han vart politimeld av oss, og dei kom og hjelpte oss på staden, seier Bødtker.

Sjåføren fekk eit førelegg på 10.000 kroner for å ha brote køyre- og kviletida.

– Forholdet låg noko tilbake i tid, så det var ikkje eit aktivt brot. Difor fekk han lov å køyre vidare, seier Bødtker.

Når Vegvesenet kontrollerer køyre- og kviletid, så ser dei på data 28 dagar tilbake i tid. Det var i dette tidsrommet brotet hadde skjedd.

– I den perioden har han køyrt på vestlandsvegar, og ein kjenner seg jo ikkje trygg då, seier Bødtker.

Meiner brota er graverande

Han jobbar i utekontrollgruppa i Bergen, og stoppa seinast for to dagar sidan eit vogntog i Hordaland der sjåføren hadde køyrt 33 timar. Den lengste kvilen hans var på 56 minutt, og vogntoget hadde rulla 24,5 timar i strekk.

Bødtker er skaka over kva han ser på vegane.

– Eg tykkjer dei brota vi ser tek til å bli graverande. Det er ein del fusk og køyring på andre sitt kort. Vi ser ein tendens til at brota vert grovare, så det er heilt klart trong for at vi er på vegane og kontrollerer dei, seier Bødtker.

Han peikar på at brot på kvile- og køyretida kan få dramatiske konsekvensar.

– Tenk deg sjølv at du køyrer personbil i fire og ein halv time. Då er du ganske trøytt og må ha kvile. Desse sjåførane kan køyre opp til ni-ti timar om dagen. Eg meiner at når du køyrer over det som er lovleg, så er du påverka, seier Bødtker.

Skal vere vaken på vegen

Han peikar på at EU har strekt regelverket langt, slik at ein kan køyre mange timar i løpet av eit døgn.

– Du kan køyre ti timar i strekk, to gonger i veka. Altså, hjulet rullar, og det er lang køyring og mange timar på vegen, seier Bødtker.

– Når ein køyrer så lenge at ein ikkje er oppvakt nok til å reagere i farlege situasjonar, så er det farleg. Når du køyrer eit vogntog som veg opp mot 52,5 tonn på vegen, så skal du vere vaken, seier Bødtker.