NRK Meny

Stoppa med for lite kviletid

Ein sjåfør er meld for brot på køyre- og kviletidsreglane. Mannen vart stogga på Kjøs i Nordfjord søndag, fortel Svein Arne Henjesand i Statens vegvesen. Inntrykket hans er at stadig fleire i transportnæringa gir blaffen i kviletidsreglane. NRK fortalde i førre veke om at yrkessjåførar set liv og helse på spel når arbeidsgjevarar knivar om oppdrag. I fjor vart 170 tungbilsjåførar melde for brot på reglane.