NRK Meny
Normal

Stoppa kommunestyremøtet

Kommunestyremøtet i Naustdal vart stoppa litt over to timar etter at det starta. Ordføraren vil avbryte heile debatten.

kommunestyremøtet i Naustdal

STOPPA MØTET: Ordføraren i Naustdal i diskusjon om regelverket i saka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ordførar Håkon Myrvang i Naustdal stoppa heile kommunestyremøtet i samfunnshuset Fosshalla onsdag kveld.

Måtte ha pause

Han ville at politikarane skulle ta stilling til om heile saka om gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring skulle utsetjast, før debatten eventuelt gjekk vidare. For han oppfatta regelverket slik at om nokon varsla utsetjingsforslag, måtte det fremjast før debatten gjekk vidare.

Senterpartiet har tidlegare i dag uttalt dei har fått for kort tid på seg før møtet til å vurdere saka, og at dei gjerne hadde sett at saka vart utsett.

Senterpartiet og SV reagerte på at ordføraren stoppa møtet og, og uttalte at ordføraren knebla debatten.

Men etter ein kort pause i møtet, held no debatten fram.

Kan ta tid

Og det er venta at politikarane vil bli sitjande ei stund. Saka er utfordrande for kommunestyrerepresentantane. Debatten har gått lenge, og det er ikkje semje i kommunen om ein skal satse på Nordic Mining og deira gruveprosjekt eller ikkje.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast