Hopp til innhold

Stoppa ikkje for kontroll

Ein utanlandsk sjåfør vart meld til politiet for ikkje å ha stoppa for kontrollen til Statens vegvesen på Håbakken i Lærdal i dag. Samstundes fekk to utanlandske vogntog bruksforbod fordi lasta ikkje var forsvarleg sikra. I tillegg fekk ein utanlandsk sjåfør påbod om å fjerne flagg, vimplar og eit bord på dashbordet. Sikta til sjåføren vart hindra, opplyser vegstellet.