Hopp til innhold

Stoppa i 141 km/t

Ein motorsyklist i 30-åra blei stoppa i 141 km/t i 80-sona i Instefjord i Gulen etter ei forbikøyring. Politiet har beslaglagt førarkortet til mannen. Politioverbetjent Frode Thraning i Utrykningspolitiet fortel at det er sjeldan dei måler så høg fart i ein kontroll. – Det er klart at skadepotensialet i så høg fart er veldig stort, seier Thraning. Totalt fekk 15 førarar reaksjonar frå politiet etter kontrollen.