Hopp til innhold

- Stopp nedbygginga av sentralsjukehuset

12 ordførarar samla seg i dag om kravet for at sentralsjukehuset i Førde skal vernast, om naudsynt på kostnad av lokalsjukehusa.

Førde sentralsjukehus
Foto: Cosmin Cosma / NRK

I oppropet "Stopp demonteringa av sentralsjukehuset" forventar dei at Helse Førde-styret nedprioriterar lokalsjukehusa, for å halde på spesialisttenester i Førde.

Må prioritere

Arve Helle, ordførar i Fjaler kommune.

Arve Helle, ordførar i Fjaler kommune.

Foto: Privat

– Med dagens økonomiske ramme, kan ikkje fylket oppretthalde alle strukturar og funksjonar ved alle lokalsjukehusa om ein samstundes vil ha ei robust spesialisthelseteneste ved Sentralsjukehuset.

Det seier fjalerordførar Arve Helle.

– Ein må gjere nokre val, og då meiner eg at vi må prioritere ned ein del av dei tenestene som er på lokalsjukehusa. Vi har rett og slett ikkje råd til at alle skal ha alt. Her må det gjerast nokre klare prioriteringar, og det håpar vi styret tek tak i.

– Vi er ikkje minst oppteke av at styret i Helse Førde får arbeidsro til å gjere dette.

– Kvifor skal liv og Helse i Sunnfjord prioriterast meir enn i Sogn og Nordfjord ?

– Vi oppfattar ikkje at det er slik dette er. Vi snakkar om spesialistfunksjonar som kjem heile fylket til gode, og som er viktige å ha. Vi har veldig god akuttberedskap i form av ambulanse og redningshelikopter. Og vi har også fått mykje kortare avstandar i fylket no enn vi hadde då sjukehusstrukturen vart fastlagt.

Fryktar nedbygging i fylket

Ordførarane er redde for at viss utviklinga held fram, kan fleire funksjonar verte nedlagde og flytta ut av fylket.

Dei 12 ordførarane som skreiv under oppropet er Jenny Følling frå Gaular, Kjartan Longva frå Høyanger, Nils Gjerland frå Førde, Gerd Dvergsdal frå Jølster, Håkon Myrvang frå Naustdal, Bente Frøyen Steindal frå Flora, Aud Kari Steinsland frå Askvoll, Arve Helle frå Fjaler, Tore Bråstad frå Hyllestad, Gunn Åmdal Mongstad frå Solund, Kåre Olav Svarstad frå Bremanger og Einar Målsnes frå Balestrand.