NRK Meny
Normal

Stolte vikjer takka Ann Kristin

Ann Kristin Aafedt Flatland vart rørt av alle godorda frå vikjane som onsdag kveld takka bygdas store idrettshelt for ein lang karriere.

Ann Kristin Aafedt Flatland vart æresmedlem i Vik idrettslag

VART ÆRESMEDLEM: Ann Kristin Aafedt Flatland er blitt æresmedlem i Vik Idrettslag. Som den aller første har ho fått utmerkinga berre for sine sportslege prestasjonar. Her saman med Anne Jorunn Fjærestad.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dette har vore ein fantastisk kveld. Det har vore mykje folk, og det har blitt veldig mange fine ord, seier Ann Kristin Aafedt Flatland til NRK.no.

Onsdag kveld takka eit fullsett Vik ungdomshus Ann Kristin Aafedt Flatland for den store idrettskarrieren ho har lagt bak seg. 22 år etter at ho starta karrieren la ho for ein månad sidan børsa på hylla for godt.

Med deltaking i to OL og fleire VM har den blide vikjen blitt lagt merke til, også langt utover fylkesgrensene. Heime i Vik har både små og store følgd ho meter for meter og skot for skot, i kveld fekk dei sjansen til å vise kor mykje ho har betydd.

– Ann Kristin har representert Vik idrettslag på ein utruleg flott måte, og ho er i tillegg den som har levert dei beste sportslege resultata i klubben nokon sinne, både på dame og herresida, rosar Anne Jorunn Fjærestad som er leiar i Vik idrettslag.

Vart æresmedlem i idrettslaget

Og dei store sportslege prestasjonane låg også til grunn for utmerkinga skiskyttaren vart tildelt etter endt karriere.

Som den aller første vart Aafedt Flatland æresmedlem i Vik idrettslag for sine sportslege prestasjonar åleine. Dei som har blitt æresmedlem før har fått det for sine administrative oppgåver.

– Vi synest det er svært viktig å setje pris på dei sportslege prestasjonane, seier Fjærestad og er stolt over det 31-åringen har fått til.

– Når vi høyrer om Ann Kristin Aafedt Flatland frå Vik i Sogn, og tenkjer på at ho representerer oss, så synest vi det er utruleg flott, seier idrettslagsleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Merittar: Medaljane frå OL og VM fortel sitt om skiskytar Ann Kristin Aafedt Flatland si idrettskarr

MERITTAR: Medaljane frå OL og VM fortel sitt om skiskytar Ann Kristin Aafedt Flatland si idrettskarriere.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Viktig for dei unge

Blant dei unge i bygda har Aafedt Flatland over fleire år blitt eit stort førebilete og idol. Under store meisterskap har bygda samla seg for å følgje med på storskjerm, alle har ønskt å få med seg korleis det går med bygda sin store helt.

– Vi føler ei stor stoltheit over Ann Kristin. Det er nesten så vi kjenner det som ei ære å få vere i same idrettslag som ho, seier Fjærestad.

Skiskyttargruppa i Vik IL er ein del av Hordaland skiskyttarkrets, og leiar Bjørn Tore Årevik legg ikkje skjul på at Vik-jenta har betydd mykje for kretsen.

– Ho har betydd enormt mykje for rekrutteringa, både i Vik og i den andre klubbane i Hordaland skiskyttarkrets.

– Ho har stilt opp som både trenar og rettleiar, og delt av sine erfaringar. Ho er ein stor motivator for alle ungdomar som driv med skiskyting, seier Årevik.

(Artikkelen held fram under)

Tre generasjonar: Dottera Anne og mamma Reidun var med å feira Ann Kristin Aafedt Flatland

TRE GENERASJONAR: Dottera Anne og mamma Reidun var med å feira Ann Kristin Aafedt Flatland i Vik ungdomshus onsdag kveld.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Ingen fortener det meir enn ho

I heimkommunen Vik har det aldri vore fleire unge som driv med skiskyting enn no, og Årevik er heilt trygg på at det er Aafedt Flatland si forteneste.

– Alle har lyst til å bli gode, og når dei ser at ei i nærmiljøet er i verdstoppen, så ser dei at det er mogleg.

At Ann Kristin vart tildelt æresmedlemskap i idrettslaget er fullt fortent, meiner han.

– Det er ingen som fortener det meir enn ho. Ho viser at ho er frå Vik, og seier alltid at ho er herfrå, så det må vere den beste ambassadøren eit idrettslag kan ha, seier Årevik.

Ordføraren: – Vemodig

Viktig for bygda: Ordførar Marta Finden Halset trekte fram Aafedt Flatland som ein god omdømebyggjar

VIKTIG FOR BYGDA: Ordførar Marta Finden Halset trekte fram Aafedt Flatland som ein god omdømebyggjar for kommunen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Det var Vik IL som saman med Vik kommune arrangerte avtakkingsfesten for Ann Kristin Aafedt Flatland. Blant dei mange frammøtte var Ann Kristin sine foreldre, tanter og onklar, ordførar Marta Finden Halset, rådmann Oddbjørn Ese, og fleire av bedriftene som har støtta henne opp gjennom åra.

I tillegg var heile den store skiskyttarfamilien i Vik til stades.

Då ordførar Marta Finden Halset gjekk på talarstolen vedgjekk ho at det var vemodig at 31-åringen no har valt å avslutte idrettskarrieren sin.

– Etter så mange år med å heie på ho, så seier ho no at karrieren er over og ho skal prioritere andre ting. Det betyr at ein epoke er slutt for Vik, seier ordføraren til NRK.no.

– Ein fantastisk omdømebyggjar

Ho skildrar skiskyttaren som eit friskt og sunt førebilete for ungar og ungdom frå heile regionen.

– Og så er ho eit fantastisk menneske med eit smilande og vinnande vesen, legg ordføraren til.

– Kva har ho betydd omdømmemessig for Vik kommune?

– Ho har vore ein fantastisk omdømmebyggjar for kommunen vår. Ho har alltid framheva kor ho kjem frå, og har løfta kommunen vår opp og gitt oss positivt merksemd, seier Finden Halset.

Sjølv om tida der det blir snakka om skiskyttaren frå Vik som kjempar om edelt metall no er over, gler ordføraren seg stort over at det gror godt i miljøet.

– Det er eit aktivt og flott skiskyttarmiljø i Vik. Ann Kristin vil alltid stå som ein bauta i Vik, men det er klart det blir eit sakn at ho ikkje lenger skal vere aktiv, seier ordføraren og nytta høvet til å ønskje 31-åringen lukke til vidare.

(Artikkelen held fram under)

Rekordstor rekruttering til skiskyttargruppa i Vik Idrettslag

REKRUTTERING: Aldri har det vore så mange unge med i skiskyttargruppa i Vik Idrettslag, og Aafedt Flatland får mykje av æra for det.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg er veldig stolt over å kome frå denne bygda

Sjølv vedgår Ann Kristin Aafedt Flatland at all rosen og godorda går inn på ho.

– Eg blir rørt over det som er sagt, og det er veldig mange fine ord. Eg er veldig stolt over å kome frå denne bygda, og det er her eg høyrer heime, seier ho.

I sin takketale trekte ho fram mora og faren, og takka dei for at dei alltid har stilt opp for ho. Takk fekk også to av hennar gamle trenarar, Tormod Urnes og Asbjørn Hønsi, sponsorar og bedrifter som har støtta ho sidan ho var ung, men også heile bygda.

– Eg føler alle har vore engasjerte, dei har følgt med og heia på meg. Det er veldig kjekt å sjå at eg har kunne bidra til at folk har blitt interesserte og engasjerte i idrett, seier ho.

– Det var veldig uventa

At ho fekk utmerkinga som æresmedlem i Vik Idrettslag kom veldig uventa på ho.

– Det var veldig kjekt, og det er stort for meg.

Når ho no har lagt børsa på hylla, blir det meir tid til eit vanleg familieliv med den vesle dottera Anne. Til hausten startar Aafedt Flatland i tillegg opp med studiar, ved sidan av jobben som lærar.

– Du kjem ikkje til å kjenne det kitle i føtene når sesongoppkøyringa startar igjen då?

– Til no har det ikkje vore så mykje kribling, eg har vore metta etter ein lang og hard sesong. Men eg reknar nok med at eg kjem til å kjenne på kriblingane etter å kome meg ut å trene litt. Og eg kjem til å halde meg aktiv, lovar ho.

Fotogåve: Ordførar Marta Finden Halset, Ann Kristin Aafedt Flatland, rådmann Oddbjørn Ese

GÅVE: Ordførar Marta Finden Halset og rådmann Oddbjørn Ese overrekte ei fotogåve til skiskyttarstjerna.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.