NRK Meny
Normal

Stolte foreldre gler seg over OL-gullet

STRYN (FØRDE): – Det som betyr mest for meg er at brørne viser at dei er glade i kvarandre, same korleis det har gått, seier ei rørt mamma Aslaug Thingnes Bø.

Aslaug Thingnes Bø

FEIRA: Aslaug Thingnes Bø og resten av familien kosa seg med kake i dag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I dag var det feiring med kake i Stryn etter at Johannes Thingnes Bø vann normaldistansen i Pyeongchang. Han blei med dette tidenes første individuelle gullmedaljevinnar frå Sogn og Fjordane i eit vinter-OL.

– Det var både skummelt og veldig spennande å følgje konkurransen. Vi fekk oss ein liten knekk då Johannes bomma på første skyting. Det var kjedeleg, men så klarte Tarjei seg veldig godt.

Jubla då Fourcade bomma

Johannes Thingnes Bø

FEIRA OGSÅ MED KAKE: Gullvinnar Johannes Thingnes Bø fekk kake på utøvarhotellet etter sigeren.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

For det vart ekstremt spennande for familien. Johannes starta med bom på første skyting, medan Tarjei skaut tre fulle hus. På den siste skytinga fekk Johannes endå eit tilleggsminutt, medan Tarjei fekk sine to første bom der. Han enda dermed med to tilleggsminutt.

Frå eit tidleg startnummer kom fleire å truga Thingnes Bø bakfrå, men ingen av konkurrentane hadde verken farten i løypa eller takla presset på standplass. Då gullet var eit faktum blei den nybakte olympiameisteren våt i augekroken. For med to bom på siste skyting enda det med ein skuffande 13.-plass for storebror Tarjei Bø.

– Eg var så nervøs, for eg visste ikkje om det blei medalje, seier Aslaug.

Ho har ei litt spesiell tilståing i komme med etter løpet i dag.

– Denne gongen måtte til og med eg juble då Martin Fourcade bomma. Eg har litt dårleg samvit for det, ler ho.

Gir ei indre glede

Klemet Bø og Aslaug Thingnes Bø

NERVERPIRRANDE: Foreldra fortel at dei var nervøse under løpet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Pappa Klemet Bø blei rørt då gullmedaljen var sikra. Men også av det gode forholdet mellom brørne.

– Ikkje minst blei eg rørt då Tarjei tok imot Johannes med opne armar og viser at han gler seg saman med broren.

Også for Aslaug er dette viktig og noko ho set stor pris på.

– Det gir meg ei indre glede. Det er dette som er verdiane, meir enn det å vinne.

STOLTE: Klemet Bø og Aslaug Thingnes Bø var med direkte i Vestlandsrevyen for å fortelje om det spennande løpet.

Vegopning på Bergum i Førde kommune