Hopp til innhold

Stolt Idol-farmor: Jørn er ein flott representant for slekta

Det spissar seg til i Idol, og Jørn Trollebø Kvalheim frå Måløy er framleis med. Fredag var Nordfjordhallen fylt med stolte sambygdingar, og stoltast av alle var farmor Magna Kvalheim.

Magna Kvalheim Marthe Kvalheim Margrethe Kvalheim Marlin Kvalheim

STOLTE: Farmora til Jørn Trollebø Kvalheim, Magna Kvalheim (82), her saman med andre stolte familiemedlemmar i Nordfjordhallen på fredag.

Foto: Bjarne Eldevik

– Han er flink og eg er mektig stolt av Jørn. Sjølv om han ikkje skulle kome til finalen, er han likevel ein stor vinnar som eg har stor respekt for. Han er ein flott representant for slekta, seier Magna Kvalheim.

Nordfjordhallen var fylt til randa med folk som ville vere med å heie fram Jørn Trollebø Kvalheim.

Stemte flittig

Hallen var pynta med småbord og levande lys. Ved eit av borda sat 82 år gamle Magna Kvalheim og andre slektningar benka, og venta på at Jørn skulle dukke opp i TV-ruta.

Etter han hadde sunge, sat heile salen og stemte. Magna sat flittig og sende meldingar. Kor mange ville ho ikkje fortelje.

– Men det vart ein del i kveld også, kunne ho røpe med glimt i augo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norfjordhallen

FULLT: Svært mange sambygdingar møtte opp for å heie fram Jørn Trollebø Kvalheim fredag kveld.

Foto: Bjarne Eldevik

Jørn hamna i faresona, men er framleis med. Då det vart klart braut hallen ut i trampeklapp. Farmora seier det er hard trening som gjer at Jørn Trollebø Kvalheim framleis er med i kampen om Idol-trona.

– Ingen av oss i familien er fødde musikalske. Dette med musikk og song er noko kvar enkelt av oss har lært oss etter kvart, seier farmora til Jørn.

Eigenkomponerte songar neste fredag

Og kor mykje barnebarnet har lært seg, vil alle få sjå neste fredag. Då skal dei fem deltakarane synge eigenkomponerte songar.

– No vert det endå meir spanande neste fredag, seier Magna Kvalheim, som feira med eit stykke blautkake.

Ved eit tidlegare høve var ho til stades i Oslo og såg sitt kjære barnebarn synge. Planen for neste fredag er ikkje kjent.

Men ein ting er sikkert, det skal stemmast flittig også då.