Hopp til innhold

Valsvik og Hovland i terrordrama

LONDON (NRK): Førstereis Gustav Valsvik og Even Hovland er bedne om å halde seg på hotellet etter angrepet i London.

Norges fotballandslag med preekamp i London.

FØRSTE OPPDRAG: Gustav Valsvik har funne seg godt til rette på si første samling med A-landslaget i fotball.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Onsdag ettermiddag kom det melding om at fleire var såra og ei kvinne er blitt drepen, etter eit angrep utanfor Parlamentet i London. Politiet har sagt at dei behandlar saka som eit terrorangrep.

I London er også dei norske landslagsspelarane for å lade opp til kampen mot Nord-Irland søndag.

Saman med resten av landslagsspelarane har han fått beskjed om å halde seg på hotellet.

NRK har vore i kontakt med Valsvik, som viste til presseansvarleg på landslaget for kommentarar.

På pressetreffet i går fortalde Vilsvik om korleis det var å vera førstereis i den norske landslagstroppen.

– Det er ganske likt som i Tyskland. Klare retningsliner og enkelt å stelle seg til, seier førstereisgut Gustav Valsvik.

Vikjen er saman med Sander Berge på sitt første oppdrag med A-landslaget i fotball, og det som også er resten av troppen sitt første møte med landslagssjef Lars Lagerbäck.

Han har så langt fått eit godt inntrykk av svensken.

– Det er kjempekjekt. Eg kjenner mange av spelarane frå før, men det er litt nytt og ny trenar. Så det er moro, gliser han.

Håpar på speletid

Landslaget er i London og bur seg til søndagens viktige VM-kvalifiseringskamp mot Nord-Irland. For tyske Eintracht Braunschweig sin 23-årige midtstoppar er det ein draum som går i oppfylling.

Draumen blir komplett med speletid mot gruppetoar Nord-Irland.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg håpar. Alle som er her vil jo spele, gliser han få dagar før den viktige kampen.

Satsar defensivt

NRK sine ekspertar er allereie storveges nøgde med det dei har sett av den nytilsette landslagssjefen.

Norges fotballandslag med preekamp i London.

NYTILSETT: Lars Lagerbäck i samtale med Tarik Elyounoussi under treningsopphaldet på Motspur Park i London.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Han kjem til å spele 4-4-2, og det er som venta. Når Norge forsvarar seg kjem den eine spissen til å falle litt ned. Det er eit tydeleg signal, og han vil fokusere på det defensive med mykje disiplin, seier Karl-Petter Løken.

Eit defensivt fokus passar Valsvik godt.

– Eg er ein stoppar som er god defensivt og kan medverke der, seier vikjen.

Speida på Valsvik

Det trur også Lagerbäck som under landslagsuttaket var full av lovord over vikjen som meir eller mindre har etablert seg fast på laget sitt toppen av tysk 2. Bundesliga.

Svensken sende assistenttrenar Per Joar Hansen til Tyskland for å speide på 23-åringen.

– Gustav Valsvik har gjort det veldig bra, og det kjendest ganske sikkert sjølv om han ikkje har vore med før. Det er alltid tøft å komme rett inn i ein viktig kamp, men no møtes vi og blir kjende. Så får vi sjå om han blir aktuell for ein startplass eller ikkje, sa han til fotball.no etter uttaket.

Laster innhold, vennligst vent..