NRK Meny
Normal

Stoggar ulovleg arbeid av Sognekraft

Utan nødvendig godkjenning starta Sognekraft opp arbeid med kraftlinjeutbygging i Grindsdalen i Leikanger. No krev Fylkeskommunen full stopp.

Sognekraft med ulovleg arbeid i kulturminneområde i Grindsdalen

ALVORLEGE BROT: Under synfaring oppdaga Fylkeskommunen at fleire av dei planlagde mastefesta kjem i direkte konflikt med kulturminne. Nokre av høgspentstolpane var også plassar oppå gamle hustufter.

Foto: Birgit Tansøy/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Under ei synfaring oppdaga Fylkeskommunen at Sognekraft var i gong med å rydde traséen og plassere ut høgspentstolpar i Grindsdalen. Utan at Fylkeskommunen hadde fått gjennomført undersøkingar av kulturminne i området.

– Ein alvorleg glipp, meiner fylkesdirektør for kultur Ingebjørg Erikstad.

Bryt lova

Ved å starte opp arbeid utan at Fylkeskommunen har utført registreringar av området, bryt Sognekraft lova om kulturminne paragraf 9.

Erikstad7

KULTURDIREKTØR: Ingebjørg Erikstad, fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Lova seier at ved planlegging av slike tiltak, har dei ansvarlege for prosjektet ei plikt til å undersøkje kulturlandskapet i området. Dette for å sørge for at tiltaket ikkje kjem i konflikt med automatisk freda kulturminne.

– Me i Fylkeskommunen skal inn å registrere kulturminne i det aktuelle område, før arbeidet startar opp. I dette området er det stort potensial for funn av automatisk freda kulturminne i nærområda til stølane i Grindsdalen, fortel Erikstad.

Trass i påminningar om undersøkingsplikta, både frå Fylkesrådmannen og Olje og Energidirektoratet, vart ikkje dette gjort av Sognekraft.

Meiner det var ein glipp

– Det er gjort med ein glipp. Det er absolutt ikkje slik det skal vere og me er veldig lei oss for at me har kome i ein slik situasjon, beklagar administrerande direktør i Sognekraft AS, Terje Bakke Nævdal.

Han forklarar gleppen med at dei trudde arbeidet med undersøkingar av kulturlandskapet var gjennomførte. Skifte av saksbehandlar skal, ifølgje Bakke Nævdal, vere årsaka til feilinformasjonen.

– I papira stod det av dette skulle gjennomførast i 2007, men det har ikkje blitt gjort av ulike grunnar. Å starte arbeidet utan løyve, var ikkje gjort med overlegg frå vår side, seier han.

Sette stolpe oppå hustufte

– Å plassere trestolpar oppå gamle hustufter, dykk må vel ha visst at dette ikkje var lovleg?

Terje Bakke Nævdal

BEKLAGAR: Administrerande direktør i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal.

Foto: Bjørn Bergum

– Det er rett at me har hatt ein underentreprenør som har sett opp ein stolpe oppå ein hustufte, og det har me tatt opp med underleverandøren, svarar Bakke Nævdal.

Han lovar no at det vidare arbeidet blir gjort i samråd med Fylkeskommunen, for slik å kunne ta vare på kulturminna på ein tilfredsstillande måte. Dei opprettar no dialog for å planlegge det vidare arbeidet.

Erikstad fortel at Sognekraft var raske til å innrømme det heile, og at dei vil starte opp med dei nødvendige undersøkingane så fort som råd.

– Grindsdalen er eit av dei mest verdifulle kulturlandskapsområda i landet. Det er viktig å ta vare på slike område fordi det er med på å fortelje om vår historie, kultur, identitet og tradisjon, fortel Erikstad.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå