Hopp til innhold

Statsråden stoggar nedlegging av barn-og familiesenter

Barneminister Solveig Horne ber Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om å stogge nedlegging av Foreldre og barn-senter inn til vidare.

Solveig Horne

STOGGAR NEDLEGGING AV FORELDRE OG BARN-SENTER: Barneminister Solveig Horne

Foto: FOTOMONTASJE: Tore Meek og Sara Johannessen Scanpix

– Eg er svært opptatt av at dei minste borna og deira familiar skal få god hjelp. Difor er dette ei sak eg har bede direktoratet om å følge særleg opp, seier Horne.

Her i fylket skapte det sterke reaksjonar at det statlege Barnevernet region vest vil leggje ned det einaste tilbodet i Sogn og Fjordane for vanskelegstilte gravide og familiar med små born.

– Dette er ei klok og rett avgjerd av ministeren, som har tatt dei tydlege signala som har kome spesielt frå region vest og Sogn og Fjordane. Det seier Hadle Blikra, som er barnevernsleiar i Årdal og regionsrepresentant for Norsk barnevernleiarorganisasjon Nobo.

Glad for at statsråden grip inn

Blikra er letta over at barneministeren har gripe inn og mellombels stogga vidare omstilling av fleire Foreldre og barn-sentrer til det ligg føre ei heilskapleg vurdering av tilbodet.

I dag er det 17 plassar fordelt på barn- og familiesenter i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Bufetat foreslår å kutte ned til seks plassar, og flytte alle plassane til senteret i Bergen.

Hadle Blikra

GLAD FOR AT STATSRÅDEN GRIP INN: Hadle Blikra, som er barnevernsleiar i Årdal og regionsrepresentant for Norsk barnevernleiarorganisasjon Nobo.

Foto: Ida Brevik

– Eg kan ikkje skjøne anna enn at dette no må bli stogga etter statsråden har gripe inn, seier Blikra.

I ein omstillingsprosess

Direktoratet er i ein omstillingsprosess der dei blant anna skal redusere oppgåver som ikkje er lovpålagde.

Eit samla Storting stod bak denne avgjerda då dei vedtok endringar i barnevernslova Kommunane står nærast borna og familiane som treng hjelp, difor er det rett at dei har eit lovpålagt hovudansvar for å gi naudsynt hjelp og støtte. Heiter det i ei pressmelding på heimesida til Barne-, Likestillings og inkluderingsdepartementet. Regjeringa satsar på førebyggande arbeid og tidleg innsats for å hjelpe utsette born.

– Eg har bede om å få greia ut korleis vi kan sikre at målgruppa til Foreldre og barn-sentra framleis skal få god og rett hjelp, seier statsråden.