Hopp til innhold

Stoggar islamsk senter

Rådmannen i Førde har stogga arbeidet med nytt lokale for eit islamsk senter i Førde fram til midten av september.

Storegården i Førde.
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Kommunen har tidlegare gjeve løyve til å etablere eit islamsk senter i Førdegården på Øyrane, men no har ein av huseigarane i nabolaget klaga formelt på løyvet.

Vanskeleg å finne lokale 

Muslimane i Sogn og Fjordane har lenge leita etter eit lokale i Førde der dei mellom anna kan halde si faste fredagsbøn, men har hatt vanskar med å finne lokale som er stort nok.

Naboar protesterte

I april i år gav så planutvalet i Førde mellombels dispensasjon frå kommuneplanen for eit industribygg på Øyrane. Dispensasjonen skulle gjelde maks tre år, inntil reguleringsplan var handsama. Naboar protesterte, mellom anna fordi dei frykta prisfall på husværa sine, men utvalet gjorde samrøystes vedteke.

Formell klage

No har ein nabo som er huseigar i nabolaget formelt klaga på vedtaket. Og klagen blir handsama først i september. Men rådmannen stoggar arbeidet med senteret inntil klagen er handsama. Han viser til at det var rimeleg tvil om kommunen skulle gje dispensasjon, og meiner det dermed er ein rimeleg grunn til å tru at klagen kan vinne fram.

Vil hindre bortkasta arbeid

Rådmannen vil difor hindre at det no vert gjort arbeid på lokalet som både er uheldig, bortkasta eller gjer tilbakestilling av situasjonen vanskeleg, skriv han i brev til eigarane av bygningen som skal huse det nye senteret. I mellomtida må muslimane greie seg med det vesle lokalet dei har i dag.