Stoggar enklare nynorsk

Kulturminister Trond Giske stoggar arbeidet med å lage ei enklare nynorsk rettskriving. Språkrådet skulle leggje fram eit nytt forslag til nynorsk rettskriving neste år, men dette arbeidet må no leggjast på is.

Nynorsk
Foto: Stephan Reis / NRK

Røynde norsklærarar er oppgidde over statsråden og meiner svake elevar blir dei store taparane.

- Det blir alltid det trygge og det sikre, og eg merkar at det går ut over skriveferdigheitene deira, seier han.

- For mykje valfridom

Lektor Inge Bungum har retta norskstilar i den vidaregåande skulen i snart tretti år. Han er kritisk til kulturministeren som skyv ei enklare nynorsk rettskriving ut i det blå. Den røynde lektoren meiner nemleg at dagens språkreglar - der du kan velje mellom mange former av det same ordet - er ei dødsline for nynorsken.

- Setninga "Det er muleg han har slegest med noken" kan ein lage 72 forskjellige variantar av, seier han.

Nynorskrettskrivinga er sterkt omstridd og har tidlegare splitta målrørsla. Eliten vil ha ei vid norm, som ein har i dag, med stor valfridom. Dei svake språkbrukarane vil derimot ha ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer. Nestleiar i Språkrådet, Magni Øvrebotten, er redd at regjeringa legg mest vekt på argumenta til nynorskeliten.

- Ein kan frykte at viss det er berre dei som har ordet i si makt, både munnleg og skriftleg, som skal høyrast, så er dei like langt dei som ikkje har det, seier ho.

Trekk ut i tid

Språkrådet skulle leggje fram eit nytt forslag til nynorsk rettskriving neste år, men Kulturdepartementet har bede om at dette arbeidet blir lagd på is. Statssekretær Wegard Harsvik frå Arbeidarpartiet kan ikkje seia kor tid dei 600.000 nynorskbrukarane i landet får ei ny rettskriving.

- Dette vil bli drøfta i Stortinget og så vert det seinare avgjort om det skal bli sett i gang eit større arbeid med revisjon av nynorsk rettskriving, seier han.

Kva som skjer etter at Regjeringa legg fram språkmeldinga i april og Stortinget har drøfta denne, er med andre ord heilt uvisst. Lektor Inge Bungum meiner det hastar med å lage ei enklare nynorsk rettskriving slik som bokmålet allereie har.

- Vi kan ikkje leve med at det skal vere to prinsipp for desse to målformene. Eg er veldig i tvil om korleis nynorsken då vil klare seg om dette trekk ut i tid, seier han.

Les også: Målrørsla er kraftig splitta