Hopp til innhold

Stogga vogntog med store tekniske manglar

Dei tekniske manglane på det norske og svenske vogntoget var svært stygge. – Det er veldig bra vi fekk stoppa desse køyretøya, seier Statens vegvesen sin inspektør.

Svein Ove Salt i Statens vegvesen

UTEKONTROLL: Svein Ove Salt og ein kollega kontrollerte i går fleire tunge køyretøy på riksveg 5 ved Skei i Jølster. Bilete er teke i samband med ein kontroll i Førde tidlegare i vår.

Foto: Anna Gytri / NRK

Inspektør Svein Ove Salt og ein kollega stoppa i går tunge køyretøy på riksveg 5 ved Skei i Jølster. Og kontrollen gav resultat.

To av tungbilane som svinga inn for kontroll hadde store tekniske manglar. Salt seier dei tekniske feila fort kunne ført til alvorlege ulukker langs vegen.

– Med dette har vi redusert moglegheita for ei ulukke kraftig, seier inspektøren.

Fire av seks boltar var lause

På ein norsk semitrailer vart det oppdaga grove tekniske manglar på svingskiva. Svingskiva koplar saman sjølve trekkvogna og tilhengaren. Denne er festa til trekkvogna med seks boltar i framkant og seks boltar i bakkant.

På semitraileren som vart stogga på Skei i går var fire av dei seks boltane i framkant lause. Ifølgje Salt skjer dette som regel fordi dei har vore utsette for stor belastning.

– Om ting hadde fått utvikla seg lenger enn det var gjort då vi kontrollerte bilen, og boltane hadde losna heilt, kunne hengaren ha ramla av. Det kan få alvorlege konsekvensvar om ein semitilhengar ramlar av i fart.

Vegvesenet bestemte seg for ikkje å politimelde sjåføren. Salt seier bilen nyleg hadde vore til godkjenning, og at sjåføren sjølv ikkje var klar over feila. Sjåføren fekk køyre semitraileren til næraste verkstad.

Store sprekkar

Kontrollbilete viser store sprekkar på eit svensk vogntog

SPREKKAR: På den svenske lastebilen oppdaga kontrollørane frå Vegvesenet store sprekkar i det som festar skapet til sjølve ramma på lastebilen.

Foto: Statens vegvesen

På eit svensk vogntog oppdaga kontrollørane store sprekkar i innfestinga mellom ramma på sjølve lastebilen og skapet. Ifølgje Salt kan slike sprekkar typisk oppstå på grunn av slitasje eller overbelastning. Resultatet av sprekkane kan bli fatalt.

– Skapet kan ramle av i fart, seier Salt.

Heller ikkje denne sjåføren blir politimeld. Han skal sjølv ha vore uvitande om dei alvorlege feila. Bilen skal nettopp ha vore inne til EU-kontroll, men der var ikkje sprekkane oppdaga. Skapet var tomt, og sjåføren fekk køyre tom til næraste verkstad for reparasjon.

– Dette er veldig stygge feil, men det same er ein sjåfør som har køyrt i 40–50 timar samanhengande eller som køyrer i eit køyretøy med dårlege bremser. Så dette er veldig farleg, men å rangere kva som er styggast er veldig vanskeleg, seier Salt.

I tillegg til dei to bruksforboda på grunn av tekniske feil, fekk to køyretøy bruksforbod fordi dei hadde ting i frontruta som hindra sikta. Ein sjåfør fekk med seg ei åtvaring på grunn av brot på reglane for køyre- og kviletid.