Hopp til innhold

Stogga vogntog med sprekkar i bremseskivene

Eit vogntog blei stogga under ein kontroll på Kjøs. Store sprekkar i bremseskivene gjorde at sjåføren fekk forbod mot å køyre vidare.

Bremser

STORE SPREKKAR: Under kontrollen av eit vogntog oppdaga Statens vegvesen store sprekkar i bremsene.

Foto: Statens vegvesen

– Under kontrollen gjekk det stort sett veldig bra, men etter kvart oppdaga vi eit vogntog med sprokne bremseskiver, seier inspektør ved Statens vegvesen, Rune Løset.

Under ein trafikk-kontroll av tunge køyretøy på Kjøs, oppdaga Statens vegvesen eit vogntog med sprokne bremseskiver.

– Det var så gale at vi avgjera å legge ned bruksforbod på trekkvogna inntil det vart reparert, seier Løset.

Bremseskivene til vogntoget sin første aksel var fulle av sprekkar.

– Det var mange sprekkar på to bremseskiver. Sprekkene gjekk heilt frå innerkant til ytterkant på bremseskivene framme på første aksel, seier Løset.

Ikkje eit uvanleg syn

Frå tid til anna stoggar Statens vegvesen køyretøy med sprekk på bremseskivene.

– Dette er noko vi ser under kontrollar, og med omsyn til trafikksikkerheita så ønskjer vi ikkje desse køyretøya på vegen, seier Løset.

Bremseskivene måtte reparerast før føraren av vogntoget kunne fortsette på ferda vidare.

Bremser

SKULLE AUSTOVER: Vogntoget skulle austover etter ei levering i Nordfjord, men slitne bremser sette ein stogg for det.

Foto: Statens vegvesen

Føraren verka overraska då Statens vegvesen oppdaga dei slitne bremsene under kontrollen på Kjøs.

– Vi oppfatta det sånn at sjåføren var ikkje klar over kor gale det var. Den som køyrer har likevel ansvaret. Han verka til å oppfatte det vi meinte då han såg det sjølv, seier Løset.

Kunne i verste fall ikkje bremse

Bremser

KUNNE GÅTT GALE: I verste fall kunne dei sprokne bremseskivene ha smuldra opp, seier inspektør ved Statens vegvesen, Rune Løset.

Foto: Statens vegvesen

Vogntoget hadde levert last i Nordfjord og var difor tomt. På veg austover stogga turen på Kjøs.

– Når det er bremsefeil, så er det ein fordel at vekta er minst mogleg. Då er det mindre sannsyn for at ting går gale.

Kva er faren med sprokne bremseskiver?

– Faren er at dei kan smuldre opp, og då vil ein miste bremsene på det hjulet, avsluttar Løset.