Hopp til innhold

Stogga to rusa menn i bil i Eid

Politiet på Nordfjordeid stogga i føremiddag ein rusa bilførar. Passasjer i bilen var bileigar, også han rusa.

Eid

Politiet opplyste tysdag føremiddag på Twitter at to personar var arresterte av politiet på Eid for å ha køyrt bil i rusa tilstand.

Operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt vil ikkje gå i detaljar om kva som leia fram mot pågripinga.

– Det er to vaksne menn, seier han til NRK.no.

Dei to hadde også mindre mengder narkotika på seg.

Gulliksen seier dei to no blir tekne med til blodprøvetaking. Mennene skal også avhøyrast, og det kan bli aktuelt å setje dei i arrest.