Hopp til innhold

Stogga promilleførar på skuleveg

Ein person er mistenkt for promillekøyring etter ein kontroll i Hornnesvegen i Førde. 30 bilførarar vart kontrollerte. To fekk mangellapp, medan to må betale fordi dei ikkje hadde med seg førarkort. Ein bilførar hadde ikkje førarkort i det heile.