Hopp til innhold

Tok feil av raudt og grønt – ferska med machete

Sunnfjordingen i 20-åra køyrde feil på Svinesund og fekk politiet på hjul. I framsetet låg ein stor machete. No er han dømd for dette og fleire andre lovbrot.

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Mannen i 20-åra erkjende alle forholda då han møtte i Fjordane tingrett.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det var i juli i fjor at mannen, på veg heim frå utanlandstur, køyrde på raudt i staden for grønt under passering av tollstasjonen ved Svinesund.

I framsetet fann politipatruljen som stogga han ein machete med 50 cm langt knivblad.

Det er ikkje lov å føre våpen inn i landet, sjølv om denne var kjøpt i Hamar nokre dagar før.

Klora politiet

Dette lovbrotet ville isolert sett ført til ei bot, men mannen måtte svare for langt fleire brot på Straffelova då han nyleg møtte i Fjordane tingrett.

For berre nokre dagar før hendinga ved norskegrensa, gjorde sunnfjordingen seg skuldig i langt alvorlegare ting.

Etter ein fuktig tur på byen, sette han seg kraftig til motverje under pågriping. Det måtte fire polititenestemenn til for å få han i cellebilen. Mellom anna klora han ein tenestemann.

Bad politiet om hjelp

Under ein månad i førevegen skjedde tilsvarande. Mannen ringde sjølv politiet og bad om hjelp fordi han hadde drukke sprit og var redd for å skade nokon. Då legen ikkje ville få han innlagt på sjukehuset, måtte mannen leggast i handjarn.

På veg til, og under innsetting i drukkenskapsarresten, sparka mannen etter tenestemennene utan å treffe.

Mannen vart også funnen skuldig i å ha slått ei vakt på ein utestad i Jølster, samt å ha hatt med seg ein tapetkniv på byen. Mannen forklara dette med at han hadde tatt arbeidsjakka då han gjekk.

– Stort farepotensial

Sunnfjordingen erkjende alle desse punkta, samt at han hadde køyrt ATV utan å ha førarkort til dette. Denne tilståinga kom mannen til gode i straffutmålinga.

Retten meinte likevel at det ikkje var nok å reagere med samfunnsstraff. Til det var lovbrota for alvorlege.

Mannen fekk 45 dagar i fengsel, der 15 er på vilkår med to års prøvetid.

– Tiltalte har i rusa tilstand sparka mot fleire politifolk då dei måtte pågripe han. Dette er alvorleg valdsbruk med stort farepotensial, skriv sorenskrivar Terje Mowatt.