NRK Meny
Normal

Stogga med skyhøg promille på lyse dagen

Nordfjordkvinna hadde festa i fleire dagar før ho sette seg i bilen. Til alt hell vart kvinna observert og stogga.

Det var midt på dagen i februar i år at kvinna sette seg i bilen, sjølv om ho same – og fleire dagar i førevegen – hadde nytt alkohol.

Dette vart observert av familiemedlemer, som etter kvart fekk lokalisert kvinna og heldt henne under kontroll til politiet kom til staden.

Blodprøve teken ein halvtime etter køyreturen viste ein promille på 1,88.

Den tidlegare ustraffa kvinna hugsa ikkje sjølv stort frå hendinga, og sa seg av den grunn ikkje skuldig då Fjordane tingrett handsama saka.

Ved så sterk alkoholpåverknad skal ein etter lovverket som regel dømmast til både bot og fengsel utan vilkår. Retten fann at ulukkesrisikoen ved køyreturen var stor. Ikkje berre var kvinna sterkt påverka av alkohol, men turen gjekk også gjennom tettbygd strok, på eit tidspunkt då mange ferdast på og langs vegen.

Rettspraksis ved så høg promille er både bot og fengsel utan vilkår, men både påtalemakta og retten meinte kvinna fell inn under målgruppa for eit promilleprogram.

Programmet har som «føremål å motverke til nye straffbare handlingar ved køyring i rusa tilstand, skape eit tryggare trafikkmiljø og minske tal trafikkulukker». Kvinna samtykka til dette.

Kvinna slepp å sone fengselsstraffa på 21 dagar om ho fullfører programmet. Bota på 5.000 må ho derimot betale, samt at ho må klare seg utan førarkort i to år.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.