Hopp til innhold

Stogga med promille på 2,16

Sogningen i 40-åra vart stogga laurdags føremiddag med godt over to i promille. No har han fått straffa.

Blodprøve teken kring ein time etter køyreturen i september i fjor viste ein promille på 2,16. Mannen la alle korta på bordet og samtykka til at saka kom opp som tilståingsdom.

I tråd med påtalemakta sin påstand vart mannen dømd til fengsel i 24 dagar. Sogningen slepp likevel å sone, så sant han gjennomfører eit promilleprogram.

Påtalemakta la også ned påstand om 15.000 kroner i bot. Dette meinte Sogn tingrett var vel mykje, og reduserte den med 3.000 kroner. Alternativt må han sitje 20 dagar i fengsel.

Men inndraging av førarkortet i to år må mannen likevel akseptere. Ved promille over to, er tapstida to til fem år. Mannen må også avleggje ny full førarprøve før han får att førarkortet.