Hopp til innhold

Stogga brannfelle på E39

Eit vogntog med eksos- og oljelekkasje frå motoren vart stogga under ein kontroll i Førde i går kveld. Totalt seks køyretøy fekk pålegg om å utbetre manglar. To fekk bruksforbod på grunn av mangelfull sikring av last. Vogntoget med lekkasjar fekk køyre til næraste verkstad for reparasjon.