NRK Meny
Normal

Skreiv ut fartsbøter for 150.000 kroner - på seks timar

– Det er mange år sidan eg har vore med på liknande, seier Elling Krogen hos Utrykkingspolitiet. Etter å ha stogga 43 fartssyndarar og skrive førelegg for 150.000 kroner under ein fartskontroll.

Elling Krogen i UP

STORKONTROLL: I løpet av seks timar stogga Elling Krogen og kollegaene i Utrykkingspolitiet ut 43 forenkla førelegg for høg fart.

Foto: Asgeir Reksnes

Fasiten etter kontrollen på E39 i Våtedalen mellom Gloppen og Jølster kan vere skremmande for dei som er opptekne av trafikktryggleik.

I løpet seks timar stogga dei 43 førarar som var for harde på gasspedalen. Ein fekk for mange prikkar på førarkortet og blir meld.

– Dette er mykje. Det er veldig mykje. Eg trur eg må tilbake til 80-talet for å minnast noko som var i nærleiken, seier Up-betjent Elling Krogen.

115 km/t i 80-sona

Kontrollen var varsla på ei Facebook-gruppe som åtvarar mot kontrollar. Det visste i alle fall ikkje tre bilførarar som vart målt til 115 km/t i 80-sona.

– Då har du ein kilometer att til beslag. Ein millimeter til på gasspedalen, så hadde dei vore fotgjengarar, seier Krogen.

Med eit snitt på 3.500 kroner per førelegg, hanka patruljen inn kring 150.00 kroner til statskassen. Krogen er ikkje oppteken av beløpet.

– Det svir for folk å bli tatt, men eg håpar vi set ein vekkar i folk. At dei tenkjer «okay, eg vart tatt i 115 km/t, men det er trass alt betre enn å skade meg sjølv eller andre».

Har sett effekt

Utrykkingspatruljane i Nordfjord og Sunnfjord samarbeider i år tettare om kontrollar på trafikkerte vegstrekkjer.

– Mange tenkjer 80-sone, fine vegar og gløymer at det ofte er her ulukker skjer. Møteulukker og utforkøyringar i slik fart kan gje katastrofale følgjer, seier han.

Utrykkingspolitiet meiner å ha sett resultat av mangeårig fokus på 50- og 60-soner i nærleiken av skular, barnehagar og idrettsanlegg. Førelegga er om lag like mange, men beslaga færre. Samstundes har dødsulukker og ulukker med personskade gått kraftig ned i distriktet.

– Pass farten

– Vi driv målstyrt aktivitet, og når vi satsar på nedsette soner, så går det på kostnad av noko, seier han og lovar at Utrykkingspolitiet vil vere meir synlege framover også i høgare fartssoner.

– Når vi er ute på vegane, så er bilistane merksame på oss, seier Krogen og rettar ei oppmoding til vegfarande:

– Det er store sjansar for alvorlege følgjer om det smell i ei 80-sone. Det skal så lite til, og det treng ikkje vere du sjølv som er litt uoppmerksam og skjenar litt. Det kan vere bilføraren som kjem i mot i 115 km/t.

NB! I den opprinnelege saka stod det 40 bilistar vart stogga, som politidistriktet opplyste på loggen sin. Dette er endra ettersom UP opplyser at det rette talet er 43.