Hopp til innhold

Stod og selde juletre då jordraset kom sklidande

Hermund England i Sogndal stod saman med juletrekundar på garden sin då raset kom sklidande nedover på garden på England.

Ras på England

LOSNA: Raset har losna på eit felt der dei har hogge ein del skog. Heldigvis stoppa mykje av raset i ein voll.

Foto: Guri England

– Vi høyrde at det var ein slik lyd, og lurte på om det kanskje kom ein bil køyrande. Då plutseleg såg vi at det rasa, seier England, som bur på ein gard om lag 2,3 kilometer frå Ølnes i Sogndal.

Nedover marka kom både jord, stein og massar flytande som ei elv.

– Det meste stoppa i ein voll litt lengre oppe, men noko drog forbi og kom sklidande nedover marka og enda attmed ein garasje. Men det er ikkje veldig store mengder, seier England.

Får rydda det meste med traktor

Ved første augekast såg det stort ut, men etter å ha teke det nærare i augesyn, meiner England at det ikkje er så store mengdene.

– Eg vil tru det blir fem-seks skuffer med traktoren, så har eg fått vekk det meste. Eg trur ikkje det har gjort mykje skade på dyrka mark, så eg reknar med at eg kan hauste som normalt neste år, seier England.

Som ei elv

BRUN ELV: Sjølv om raset ser stort ut, trur ikkje Hermund England det har gjort mykje skade på dyrka mark.

Foto: Guri England

Men han har aldri sett maken på garden.

– Eg har drive her i 50 år, men det har aldri gått noko slikt ras så vidt eg veit, seier England.

Uvanleg mykje vatn

Raset ser ut til å ha starta i eit felt der dei tidlegare har rydda skog.

– Så har det rett og slett fått fart og sklidd nedover marka, seier England.

NVE har varsla flaumvarsel på nivå to på grunn av mykje nedbør dei siste dagane, og Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel.

– Det er mykje nysnø i høgda, og det smeltar lett. Det er frykteleg mykje vatn, seier England.