Hopp til innhold

Har fått ein siste sjanse til å fullføre arbeidet - stod klare då finvêret kom

Vêret har lenge sett ein effektiv stoppar for arbeidet med dei nye kunstgrasbanene i Førde. Når finvêret no endeleg kom stod arbeidarane klare og slo til med det same.

Godvêr sikrar framdrift på kunstgrasbanene på Hafstad Idrettspark i Førde

SISTE SJANSE: Godvêrsperioden dei neste dagane kan vere den siste sjansen for å fullføre arbeidet med kunstgrasbanene i Førde. Arbeidarane jobbar no på spreng for å få banene klare til vinteren.

Foto: Montasje: Storevik/NRK

Laurdag ettermiddag er det full aktivitet på den nye kunstgrasbanane på nye Hafstad Idrettspark i Førde. Sola har ikkje vist seg, men med litt skyer, blå himmel og plussgrader ligg alt til rette for at siste rest av arbeidet kan fullførast.

– Det er folk her frå Oslo og Nederland og fleire plassar, og det blir jobba på fullt, seier Per Øyvind Storevik som er idrettslaget sin prosjektleiar.

Like ved han står kommunalsjefen i Førde, Håkon Fimland. Han er leiar i prosjektgruppa Hafstad Idrettspark og gler seg stort over at vêret no endeleg spelar på lag.

– Vi har følgt vêrmeldingane tett, og når det no vart bra, så stod vi klare og slo til, seier han og legg ikkje skjul på at dette betyr mykje.

Vêret sette ein stoppar

For det tidlege snøfallet vart eit problem for dei mange som har jobba for å få på plass kunstgrasbaner før vinteren. Berre nokre dagar før banene stod heilt ferdige skjedde det som ikkje skulle skje, då kom vinteren og minusgradene og sette ein effektiv stoppar for arbeidet.

Banene manglar nemleg den siste nødvendige biten, eit lag med sand og gummikuler.

Tidlegare denne veka sa leiaren i Førde Fotball, Jo Inge Gåsvær, at han frykta for dei sportslege resultata om ikkje banene vart ferdige til vinteren.

– Utan brukbare baner til vinteren er det klart vi blir svekka i forhold til motstandarane våre.

– Dei har stort sett gode trenings- og kampfasilitetar heile året, sa han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under videoen)

Før entreprenøren har fått lagt det nye dekket ferdig på idrettsparken, kom det snø. No er ferdigstillinga av den nye bana forseinka.

SNØ FØRTE TIL PROBLEM: Slik såg det ut på kunstgrasbanene på Hafstad Idrettspark måndag denne veka. Laurdag blir det jobba på spreng for å fullføre arbeidet, no har dei nemleg fått vêret med på laget.

Men vêret vart til slutt den tolvte spelaren

Dei siste vintrane har for eksempel førstelaget måtte reise land og strand for å ha fotballtrening. Banene i Førde har vinterstid vore så dårlege at det ikkje går an å trene på dei, og i staden har laget måtte låne baner hos nabokommunane.

Gåsvær og dei andre som har jobba for å få ferdig banene har alle kryssa fingrar og bein, og det som er, dei siste dagane.

Og no ser det ut til at vêrgudane likevel vil vere den tolvte spelaren.

– Det ser lovande ut

Leverandøren av banene, DessoSports, har hatt mannskap ståande klare til å reise vestover kvar einaste dag.

– Vi har hatt løpande dialog med dei kvar dag i forhold til meldingane, for det er vêret som har bestemt dette. No kom dei i går kveld, seier Håkon Fimland til NRK.no laurdag ettermiddag.

Håpet er no at meldingane om sol, opphald og mildvêr skal halde seg lenge nok til at dei får gjort det dei skal.

– Det ser veldig lovande ut. No har vi fått sanden ut på halve den eine bana, og vi håpar å bli ferdige med den eine bana i dag, seier Fimland.

Truleg den siste sjansen dei får

Han legg ikkje skjul på at denne godvêrsperioden kan bli siste sjanse for å få banene ferdige til vinteren. Han veit at det er mange som har store forventningar til at banene blir klare.

Mellom anna har Førde-trenar Knut Erik Folland sagt at det er ein føresetnad at banene er ferdige til vinteren om han skal halde fram i jobbe.

– Dess lenger ut i november vi kjem, jo mindre blir sjansane for å få til dette arbeidet, så dette kan vere vår siste sjanse.

– Eg er optimist, det er vi nøydde å vere, seier Fimland som både håpar og trur at dei no skal klare å få banene ferdige.