Hopp til innhold

Stod i kø heile natta for å få billett til oktoberfest

STRYN (NRK): Mange ville ha ekstrabillettane til oktoberfesten i Stryn som blei lagt ut i dag. Dei ivrigaste stod i kø heile natta.

Eileen Sunde Haugen og Birte Krogh Høgalmen Holko

GOD STEMNING: Eileen Sunde Haugen og Birte Krogh Høgalmen Holko frå Olden var først i billettkøen. Dei hadde med seg teppe, dyne, lue og vottar.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Vi har sitte her sidan klokka tre i natt, seier Odd Asle Bigset frå Hareid.

Han er ein av mange håpefulle som har stått i kø for å få seg ein billett til oktoberfesten i Stryn som går av stabelen om to veker. Alle billettane som vart lagt ut på nett er selde for ei god stund sidan, men i dag klokka 12 vart det lagt ut kring 230 billettar tre stadar i Stryn. Alle stadar var køane lange lenge før billettane vart tilgjengelege.

Odd Asle Bigset frå Hareid

TOMMEL OPP: Odd Asle Bigset frå Hareid har sitte i kø heile natta. No har han god tru på at han skal klare å få seg ein billett til oktoberfesten om to veker.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Større festival

Kim Rune Flo

STOR INTERESSE: Oktoberfestsjef i Stryn, Kim Rune Flo, som har tittelen Kardinalen i Stryn pingpongklubb, seier billettane til festivalen vert rivne vekk trass i at dei legg ut fleire billettar i år enn tidlegare.

Foto: Privat

– Dei første som stilte seg i kø var på plass klokka 23.30 i går kveld. Fleire har overnatta utanfor butikkane i sentrum for å vere langt framme i køen, seier oktoberfestsjef i Stryn, Kim Rune Flo.

Han fortel at dei år har fått litt større område til disposisjon under festivalen i år og at dei difor vil selje 600 fleire billettar enn tidlegare. Totalt vil dei då selje 3400 billettar. Og dei forsvinn fort.

– Det er ei enorm interesse. Vi kunne sikkert ha selt fleire gongar så mange billettar om vi hadde villa det, seier Flo.

Sosialt å stå i kø

Og dei som har venta, har ikkje hatt det så verst ifølgje ei av dei som har venta lengst.

– Det har vore veldig koseleg å vere her i kø. Vi har hatt godt selskap heile natta, seier, Birte Krogh Høgalmen Holko.

Lang kø for billettar til oktoberfest i Stryn

POPULÆRT: Dei ivrigaste har vore i kø sidan i natt for å skaffe seg billett til Oktoberfesten i Stryn 15. og 16. september i år.

Foto: Solveig Svarstad / NRK