Hopp til innhold

Sto utan lokale – éi veke før bryllaupet

Mange engasjerte seg då brudeparet spurde Facebook om hjelp.

Kai Marius Alm Rødningsby og Elisabeth Sande

BRUDEPAR: Dei vart veldig stressa då dei forsto at lokalet til bryllaupsfesten deira var dobbelbooka. No kan Kai Marius Alm Rødningsby og Elisabeth Sande kan ta det litt meir med ro fram mot den store dagen.

Foto: Privat

– Eg vart oppgitt og tenkte «kva gjer vi no,» seier brura Elisabeth Sande, som skal gifte seg på laurdag.

Brudeparet har hatt bryllaupet i tankane lenge, og i fjor haust hadde dei sett seg ut ei helg og eit lokale. Dei kontakta ungdomshuset Viking i Førde, for å tinge lokalet laurdag 10. september. Men i helga gjekk det opp for brudeparet at lokalet var tinga til laurdag 17. september.

– Det første eg gjorde var å ringe pappa, for å fortelle kva som hadde skjedd og å klage litt. Så måtte vi tenke oss om og finne ut korleis vi skulle løyse saka.

Rop om hjelp på Facebook

Éi av løysingane vart å legge ut eit rop om hjelp på Facebook. På Facebook-sida «Kjøpe - Selge -Leie- Bytte - Gis bort i Førde og omegn» vekte innlegget til Elisabeth stort engasjement. Mange har kommentert og gitt råd til korleis problemet kan løysast.

– Det var veldig mange som kom med tips om lokale i Førde og i området rundt, og det var veldig kjekt at så mange ville hjelpe til.

Med éi veke att og utan bryllaupslokale, var det eit nervøst brudepar som leita etter løysingar. Men korleis i alle dager kunne dette skje?

– Det er kort og godt ei forveksling som har skjedd. Vi hadde notert den neste helga, medan dei har plangagt for komande helg, seier Arve Hornnes i ungdomshuset Viking.

I ungdomshuset Viking er det heldigvis ledig på laurdag, men då det er ei teaterforestilling fredag kveld, er det ikkje tid til å pynte lokalet for bryllaup før laurdag morgon.

Tidleg opp for å pynte

– Då vi fann ut at det var skjedd ein feil, var dei positivt innstilte til å finne ei løysing. No har vi ei løysing der dei skal gjere klart lokalet laurdag morgon, så det blir bra, seier Hornnes som leiger ut lokalet.

Så, tidleg laurdag morgon stiller vener og familie opp for å pynte lokalet til bryllaupsfest. Brura skulle gjerne ha vore med som pyntesjef, men no blir ho nøydd til å stole på gode hjelparar.

– Det er kanskje det som er det kjedelegaste, at eg ikkje får vere med å pynte. Men det blir nok bra likevel, seier ho.

Når det no ser ut til å løyse seg for bryllaupsfesten, kan brudeparet ta det litt meir med ro fram mot den store helga. Men denne hendinga er ikkje noko å spøke med – enno.

– Akkurat no er det framleis litt kjedeleg, men eg trur at når vi er gift og dagen er over, kan vi le av det. Det blir ei god historie å fortelle seinare. Håper eg.