Hopp til innhold

Thailandsk klubb stadfesta låneavtale for Koomson

Tero Sasana stadfesta at Gilbert Koomson (18) blir lånt ut til Sogndal. No går dei tilbake på informasjonen.

Gilbert Koomson

PÅ VEG: Går alt som Sogndal ønskjer, blir Gilbert Koomson speleklar for klubben til oppgjeret mot Rosenborg i helga.

Foto: Rune Sjøberg

nettsidene sine skreiv Tero Sasana at klubbane var samde om ein seks månaders låneavtale, der Sogndal også sikra seg opsjon på å kjøpe spelaren.

Opplysningane fekk NRK.no også stadfesta over telefon i morgontimane. Noko seinare opplyser klubben at dei likevel ikkje kan stadfeste avtalen og vil redigere teksten på nettsida si.

Likevel tyder det aller meste på at 18-åringen blir Sogndal-spelar i næraste framtid. Serana ventar med å registrere spelaren for spel i den heimlege serien, han er framleis i Sogndal og oppgir Sogndal Fotball som arbeidsgjevar på sin Facebook-profil. Her har han også ført Sogndalsfjøra opp som heimstad.

Vil ikkje stadfeste

Midtbanespelaren frå Ghana kom i Sogndal sitt søkelys då uvissa rådde kring teknikkaren Malick Mane si framtid i saftbygda.

Sportsleg leiar i Sogndal, Håvard Flo, sa tysdag at berre detaljar stod att før Koomson blir klar. Torsdag vil han korkje stadfeste eller avkrefte at klubbane er samde om ei løysing.

– Situasjonen er den same som tidlegare i veka. Han er ikkje speleklar for Sogndal. Men vi har framleis håp om å få han klar til kampen mot Rosenborg.

Vil låne Koomson

Det er liten tvil om at klubben ynskjer å knyte til seg spelaren.

Flo stadfestar at Sogndal i første omgang ønskjer knyte til seg 18-åringen på lån, med opsjon på kjøp.

– Han har overbevist oss så pass bra at vi har bestemt at vi vil ha Gilbert. Guten har ferdigheiter. Han har god fart, gode dribleferdigheiter, sa sportsleg leiar Håvard Flo til NRK tidlegare i veka.