NRK Meny

Stilte spørsmål om Førde-pakken

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) har i Stortinget stilt spørsmål ved kva som er årsaka til at det framleis ikkje har kome ei sak til Stortinget om finansiering av Førdepakken. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) svarar at grunnen er at ein på eit møte i mai blei samde om å vente til dei hadde fått avklart kva dokument som skulle vere med i grunnlaget. Han presiserer at forseinkinga ikkje skuldast politisk usemje, og at saka blir send til Stortinget så raskt som råd.

Vegopning på Bergum i Førde kommune