Hopp til innhold

Stiller ut tinga til overgrepsutsette barn

Overgrep mot barn er noko av det vanskelegaste å snakke om, men ein kampanje frå Redd Barna prøvar å bryte tabuet.

Stiller ut kleda til overgrepsutsette barn

STERKE FORTELJINGAR: Klede og gjenstandar fortel historier som er heilt ukjende for mange, men som andre kan kjenne seg att i. Desse gjenstandane representerer born som har vore til stades i nærleiken av overgrep og vald.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Utstillinga er no tre år gamal, men held fram med å vere aktuell, og no er turen komen til Førde. Bak utstillinga står familierådgjevar Øivind Aschjem. I to-tre år før utstillinga har han samla inn klede og gjenstandar eigd av barn som har anten vore utsett for overgrep eller som har vore i nærleiken av det.

Overgrepsutstilling førde av Redd barna

VIL FJERNE TABUET: Initiativtakar Øivind og Aschjem og leiar i Senter mot incest og seksuelle overgrep i Sogn og Fjordane, Chatrine Elholm.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Vi veit at utstillinga har betydd mykje for mange barn og vaksne som har kjend seg igjen i forteljingane, og som har fått hjelp i etterkant av å lese dei, seier Aschjem.

Vil gjere overgrep mindre tabu

Han vil fjerne tabustempelet temaet har fått ved å la folk kome nærare.

– Bakgrunnen for å lage utstillinga var at eg ønska å skape eit uttrykk som kunne bringe barneforteljingar så nær som mogleg utan at vi var til stades der det skjedde.

Overgrepsutstilling i Førde av Redd barna

SKO: Desse skoa fortel om eigaren sine tøffe opplevingar.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Førde er ein av ti norske byar som går i front for «Eg er her»-kampanjen til Redd Barna, som skal setje fokus på det vanskelege temaet. Senter mot incest og seksuelle overgrep i Sogn og Fjordane fekk utstillinga til Førdehuset, og leiar Chatrine Elholm håpar ho kan opne auga til folk.

Overgrepsutstilling i Førde av Redd Barna

LESTE BØKER: Dette barnet leste bøker for å gløyme det som skjedde rundt.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

– Håpet er at veldig mange skal komme og sjå at vi er nøydde til å ta innover oss at dette er røynda til tusenvis av norske barn. Vi må få fleire vaksne som tør å sjå og som torer å handle og stille spørsmål.

Klare oppfordringar til dei vaksne

På veggane heng det bitte små genserar og sparkebukser. I monter står sko med barnlege mønster på. Inst i rommet på festsalen i Førdehuset heng det hundrevis av papirhjarte. På dei har born og vaksne skrive nokre ord om det å føle seg trygg. No blir særleg vaksne oppfordra til å skrive sine tankar.

Miljøarbeidar Isak Rutledal

BRY DEG: Miljøarbeidar Isak Rutledal har ei klart ønske på ein lapp forma som eit hjarte.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Dei fyrste til å få sjå den sterke samlinga, var folk frå fylket som på ein eller annan måte jobbar med born og unge. Miljøarbeidar Isak Rutledal var ein av dei. Også han tok seg tid til å skrive eit ønske inni eit hjarte, og han har ei klar oppfordring til alle foreldre.

– Ikkje ver redde for å prate om det, både profesjonelt og i sosiale lag. Mange av oss er anten foreldre eller så blir vi det. Eg er sjølv pappa og eg er veldig redd for barna mine.