NRK Meny
Normal

1. mai: Padla i protest mot fjorddeponi

Nær 40 padlarar la i føremiddag ut på ein lang tur frå Førde i retning Vevring for å markere sin motstand mot gruvedeponi.

Created by InfoDispatcher

KAJAKK-AKSJON: Både unge og eldre kajakkentusiastar markerte i dag sin protest mot planane om fjorddeponi i Vevring. Foto: David Zadig / Redigering: Ole André Rekkedal

– Den har vore heilt fantastisk. Vi samla oss i Førde og la oss på elva der medan 1. mai-appellane helt på. Når toget starta frå Rådhusplassen, så starta vi frå elva rett utanfor. Det var vel 38 kajakkar som sette kursen ned Jølstra og ut Førdefjorden, fortel initiativtakar Øyvind Korsøen til NRK.

Som leiar i Førde kajakklubb ønska han å bidra til den store markeringa mot Nordic Mining sine planar for Vevring, og han fekk mange med seg på turen. Korsøen har tidlegare jobba ved Havforskningsinstituttet og har doktorgrad i marine fag.

– Vi kallar det ein far stilt-parade. Vi padlar jo heilt lydlaust på sjøen og vi vil protestere mot det som har skjedd med løyve til sjødeponiet, seier Korsøen.

Han meiner at dette er ei symbolsk handling, og at det er ein av mange brikker som kan få regjeringa til å snu.

– Eg håpar at det er eit tydeleg signal, og eg skulle ønskje at enda fleire av dei som brukar naturen gjer det same i tida som kjem. Resten av våren, sommaren og hausten må vi stå på og syne at den norske naturen er unik. Det gjeld også under havflata, meiner Korsøen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser