Hopp til innhold

Stijn (14) bestod manndomsprøva

I vår valde Stijn van Oorschot (14) vekk konfirmasjon og la i staden ut på ei reise på tvers av Norge saman med faren. Denne veka gjennomførte dei siste del av etappen.

Norge på tvers

VELKOMST: Slik vart Rogier og Stijn Oorschot møtt på kaia av vener og familie etter å ha gjennomført Norge på tvers.

Foto: Thomas Bickhardt

Stijn og Rogier har saman gått Norge på tvers over fleire etappar fordelt på skuleferiane. Dei har både traska i djup snø, karre seg opp på høge fjelltoppar og padla ut Nordfjorden. Då dei laurdag padla det siste stykket til Oldeide fergekai, vart dei møtt av både vener og familie.

– Det var veldig kjekt. Det hadde eg ikkje forventa, seier Stijn.

– Det var ei overrasking for Stijn. For han hadde sett alle desse konfirmasjonsfestane rundt om, og då tenkte vi at vi måtte gjere noko skikkeleg vi også. Så då vart all slekt frå Nederland invitert og kom hit med fly på fredag, forel pappa Rogier.

Variert tur over tre årstider

Det heile starta i vinterferien. Då gjekk dei på ski frå svenskegrensa til området litt aust for Tynset. Deretter heldt dei fram gjennom Rondane i påska. I sommar har dei gått ti dagar i Jotunheimen, heilt fram til litt aust for Stryn.

I haust har dei sykla ein dagsetappe mellom Rondane og Lom, som dei gjekk glipp av tidlegare i sommar, og deretter frå Hjelledalen til Stryn. Der begynte dei den 120 kilometer lange padleetappen no på tysdag, og laurdag føremiddag kom dei til ferjekaia i Oldeide. Totalt har dei brukt kring fem veker på turen.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet - sjå turen frå start til slutt)

Trass i tunge stunder angrar ikkje Stijn på at han valde denne turen framfor konfirmasjon.

– Det tok sjølvsagt litt lenger tid, men det var verdt det. Det har vore veldig kjekt, men det har også vore veldig tungt. Av og til har eg lurt på kvifor eg gjer dette her, men då var det like langt å gå tilbake til neste hytte som å gå tilbake til hytta vi kom frå, fortel 14-åringen.

Både oppover- og nedoverbakkar

For både han og faren er dette ei oppleving dei kjem til å ha gode minner om for resten av livet.

– Slike turar som dette med bokstaveleg talt motbakkar og nedoverbakkar, er akkurat som i det verkelege livet. Eg trur han har opplevd ein del ting som godt kan brukast framover, seier Rogier.

Norge på tvers

PADLING: Siste etappen no i haustferien bestod av padling. Her frå Skatestraumen.

Foto: Privat

At Stijn har vakse på det her, det har han, på fleire måtar.

– Eg har bokstaveleg talt vakse mykje undervegs, det kjende eg i leggane. Men eg har fått veldig mykje opplevingar og erfaring som eg sjå tilbake på og tenke at klarte eg det der, så kan eg sikkert klare dette her også.

Kvar har vore dei beste opplevingane?

– Det var veldig kjekt å bli ferdig då, seier Stijn og begge to ler.

– Sjølvsagt har det vore tunge punkt der vi måtte snu grunna rasfare når vi skulle vestover, slik at vi måtte snu og gå aust- og nordover, og tunge dagar i fjellet med glatte, store steinar, men på den positive sida har det vore mange små augneblinkar med fantastisk flotte naturopplevingar, seier Rogier.

– Spesielt no på hausten med flotte fargar og fint vêr, og i påska hadde vi fine dagar på ski og vi låg i telt med fullmåne og fullt opplyst vinterlandskap i minus tjue. Det er mange slike augneblinkar som har vore fantastiske. Og ikkje minst samveret vårt med mykje latter og godt humør.

Har blitt betre kjend

Og begge er samde i at ein slik tur har bringa dei tettare saman.

– Vi har nok blitt bringa tettare saman, men det skal no bli godt å sleppe han litt no, spøkjer Stijn.

Men det tek ikkje pappa Rogier seg nær av.

– Vi har blitt endå betre kjend. Det er kvalitetstid i lag i ein viktig periode, så eg opplever det som veldig positivt.

(Artikkelen held fram under biletet)

norge på tvers

ETAPPE TRE: Her har far og son gått opp frå Ullsheim i Bøverdalen mot Hesthoi og nyt utsikta mot aust over Bøverdalen.

Foto: Privat

For Stijn sin del trur han at han fint skulle klart turen igjen, i og med at han klarte det denne gongen, men det blir nok lenge til neste gong.

Og sjølv om motivasjonen ikkje er på topp akkurat no, trur Rogier at sonen er berre kort veg unna å kunne greie ein slik tur på eiga hand, både med tanke på fysisk tilstand og kunnskap.

– Borna veks fort, og det er fantastisk å sjå at han går fort på ski eller går ti dagar i strekk på fleire toppar på rundt 2000 meter, med sekk på nesten tjue kilo på ryggen. Og ikkje minst å padle i kajakk dag etter dag. Det er fantastisk å sjå at han klarar det fint i såpass ung alder.

Har inspirert andre

For Rogier sin del er friluftsliv ein del av jobben hans, og ein skulle såleis kanskje tru at han var åleine om å måtte motivere den andre parten undervegs. Men også Stijn har måtte teke den jobben innimellom, seier Rogier.

– Det er ikkje alltid berre godt humør og solskin på slike turar, så eg har måtte motivere Stijn av og til i tunge stunder, men eg føler at også han har vore flink til å løfte meg over dagar med dårleg humør. Det har gått begge vegar, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Norge på tvers

TUNGE STUNDER: Stijn etter ein lang dagsetappe og mange høgdemeter mellom Slæom og Leirdal på veg til Sunndalen i Stryn. Fem minutt seinare var han oppe igjen.

Foto: Privat

– Han har gått føre for det meste, og då var det no berre å følgje på. Han bad meg fleire gonger om å bite tennene saman for å kome over kneika, og dei var det mange av. Men eg har nok også tulla litt for å få han i betre humør av og til også, for då blir det veldig mykje kjekkare å vere på tur, seier Stijn.

Undervegs har far og son brukt Facebook for å oppdatere heimefronten, både familie og vener.

– I vårt tilfelle gjeld det også internasjonalt. Det er fantastisk mange, positive reaksjonar på dette her. Eg har også opplevd at folk har sagt til meg at dei har blitt inspirerte av dette, og gått på overnattingsturar og slike ting, og ikkje minst har det vist at det går an å gå i fjellet med ein ungdom som kanskje ikkje alltid er like motivert. Så det har berre vore positive reaksjonar.

Norge på tvers

BURSDAG: Rogier sin bursdag vart feira ved bålet i fullmåne vest for Alvdal på veg til Breisjøseter under andre etappe i påska.

Foto: Privat