Pengane skal nyttast ved Hjellekrysset – krysset mellom Rv 15 og E 39.
– Det skal byggjast gang- og sykkelveg og sikre tilhøva for mjuke trafikantar på denne vegen som også er skuleveg for mange skuleungar, seier Bjørlo.
Omstridd
Løyvingar til Stigedalen er omstridde – tilhengjarane av Kvivsvegen er opptekne av konkurransen mellom desse to vegprosjekta. Men Bjørlo er ikkje redd for at denne ekstraløyvinga skal skape strid.
– Det er sunn fornuft at når du byggjer eit nytt vegprosjekt så gjer du det sikkert for mjuke trafikantar med det same, seier Bjørlo.
Opning som planlagt
Veganlegget over Stigedalen blir truleg opna som planlagt 16. september, trass i at dette ekstraprosjektet neppe er avslutta til den tid.