Hopp til innhold

Stig lagar øl slik oldefaren hans gjorde det på 1800-talet

HORNINDAL (NRK): Einekvister, kveik og kunnskap som går tilbake til 1800-talet og enda lengre. Stig Seljeset er med på å halde liv i gamle ølbryggjekunstar.

Stig Seljeset, Hornindal

GÅR I ARV: Stig Seljeset i Hornindal lagar øl på same måte som far, bestefar og oldefar har gjort det før han. Det inneber mellom anna bruk av kveik, eit ølgjær som er spesielt mellom anna frå Hornindal.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det ryk godt frå kjelen i eldhuset i Hornindal. Det skal bryggjast øl slik det alltid har vore gjort etter tradisjonane der.

– Vi har litt einerkvister i vatnet, så må du ha eit godt oppkok for å få med eikesmaken, fortel Stig Seljeset.

Han har lært ølbryggjarkunsten av generasjonane før han.

– Dette er heilt på same måte som oldefaren min bryggja på slutten av 1800-talet. Faren min lærte av sin bestefar, som lærte å brygge rundt 1870, så det er absolutt tradisjonelt, seier Seljeset.

Lagar råøl

Han viser fram ein av ingrediensane som er spesielt for ølet i Hornindal. Det er brune klumpar av tørka gjær som blir kalla kveik.

– Kva er spesielt for ølet de lagar her?

– Det er eit råøl, det er ikkje kokt inn. Så bruker vi kveik, den originale gjæra dei brukte før i tida når dei bryggja, fortel Seljeset.

Kveik, ølbrygging Hornindal

KVEIK: Andre ølbryggjarar kjøper gjerne gjør, men i Hornindal bruker dei sitt eige ølgjær - kveik.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Smaken på ølet varierer litt kvar gong dei lagar det.

– Vi er ikkje sikre på korleis det smakar frå gong til gong når vi bryggjer på denne måten. Det gjeld å få fram kornsmaken, helst skal det vere litt einesmak og vørteren skal smake både korn og litt av kveiken òg.

– Du kan få tusen variasjonar på den smaken der, seier han.

Flest tradisjonsbryggjarar

Denne helga blir Norsk Kornølfestival arrangert i kommunen for fjerde gong.

– Det er den einaste festivalen i verda som er dedikert til tradisjonelt gardsøl. Det er gardsølet frå Vestlandet som står i fokus, fortel festivalsjef Lars Marius Garshol.

Han seier «alle stader i Noreg sør for polarsirkelen» har hatt gardsbrygging, men at Hornindal skil seg ut som ein av stadene der tradisjonen framleis lever i beste velgåande.

– Det er i Hornindal det er flest tradisjonsbryggjarar på Nord-Vestlandet. Det er her ein må kome viss ein skal møte dei, seier Garshol.

Lars Marius Garshol, Norsk Kornølfestival

FLEST TRADISJONSBRYGGJARAR: – Det er i Hornindal det er flest tradisjobsbryggjarar på Nord-Vestlandet, fortel festivalsjef i Norsk Kornølfestival,Lars Marius Garshol. Denne veka kjem ølentusiastar for å oppleve festivalen i Hornindal.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Den spesielle ølgjæren dei nyttar seg av i Hornindal, blir eitt av temaa på festivalen.

– Andre bryggjarar har gått over til å kjøpe gjæren. Det har dei aldri gjort i Hornindal. Dei har den same gjæren dei alltid har hatt, og som dei har arva frå far, bestefar og oldefar. Det er først dei siste åra verda har fått med seg dette, seier Garshol.

Sønene også interesserte

Seljeset synest det er spennande at tradisjonsølet har fått ein eigen festival i Hornindal.

– Det kjendest som det var utdøyande, for det var ikkje så mange som bryggja på tradisjonelt vis. At det skulle få ein oppsving var overraskande og rart, men det er veldig kjekt at folk begynner å sjå verdien i tradisjonar og gamle måtar å gjere det på, seier Seljset.

Også dei lange tradisjonane i eigen familie ser ut til å bli teke vidare.

– Eg har heldigvis søner som også er interesserte, seier han.

Stig Seljeset

PÅ GAMLEMÅTEN: Stig Seljeset kokar opp vatn med einekvistar i til råølet han skal lage.

Foto: Benedikte Grov / NRK