Stig Tore Ervik frå Selje må også ut med 200.000 kroner i sakskostander.
Dagleg leiar Geir Solvåg i Ervik Havfiske er dømd til fengsel i eitt år og seks månader, der eitt år av straffa er på vilkår. Solvåg må ut med 75.000 kroner i sakskostnader.
Også selskapet Ervik Havfiske i Selje er dømd for å ha juksa med rapportering av fangst, og får inndraging av vel 5 millionar kroner. I tillegg må også selskapet ut med 200.000 kroner i sakskostnader.
Urette fakturaer
I alt seks personar, fire av dei tilknytta firmaet Scanfish i Finnmark, samt selskapet Ervik Havfiske stod i oktober tiltalte for omfattande juks og svindel ved levering av fisk til mottaket i Havøysund i Finnmark.
I dag vart alle seks tiltalte dømde.
Utbytteheleri
I perioden oktober 1999 til desember 2000 skal Ervik Havfiske brukt urette fakturaer og fiktive sluttsetlar for å få oppgjer som ikkje vart avrekna mot kvotane. Tiltalen gjekk ut på at dei hadde gjort seg skuldig i utbytteheleri på 14,7 millionar kroner. Begge Ervik-karane nekta straffeskuld.
Aktor hadde lagt ned påstand om fengsel i 2 år, men retten la i formildande retning vekt på at reiar Stig Ervik langt på veg hadde vedgått og forklart seg om dei straffbare handlingane.
Aktor fekk viljen
Fengselstraffa til dagleg leiar Geir Solvåg i Ervik Havfiske var i tråd med aktor sin påstand. Retten viser til at Solvåg har vore heilt sentral i dekkoperasjonen med å kamuflere fiktive fakturaer som reelle.
I tillegg må Ervik ut med 200.000 kroner og Solvåg må ut med 75.000 kroner i sakskostnader.
Reiarlaget også dømde
Reiarlaget Ervik Havfiske var også på tiltalebenken, med påstand om inndraging av dei 14 millionane som tiltalen lydde på. Denne summen vart nedjustert under rettssaka
og dommen er at selskapet må betale tilbake nær 5,2 millionar, og ut med 200.000 i sakskostnader.
Dommen var samrøystes.
Ankar dommen
Begge dei to mennene i Ervik Havfiske meinte i retten at det ikkje kunne førast bevis for tiltalen om grovt heleri av 14,7 millionar kroner.
Dommen i Hammerfest tingrett er samrøystes.
Advokatane til både Solvåg og Ervik seier dommen vil bli anka. Begge meiner dommen inneheld faktafeil og at lova er brukt feil.